Nei takk til «Den legendariske Georgssoga»
Lyriker og magister i litteraturvitenskap Georg Johannesen.
Foto: Sverre A. Børretzen / Aktuell NTB
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Georg Johannesen
Interessa for retorikk i Vesten har auka kvar gong demokratiet har vore truga. Georg Johannesen opplevde at det jamt vart verre å kome til og lite øyrens lyd å få. Han ville skjøne strukturar som i stort og smått sender menneske fram og tilbake mellom ytterpunkt; såleis mellom fridom i venskapleg kappestrid og strukturell overstyring. Retorikk er ein kampsport; ikkje for å knuge andre, men for å utvikle evna til sjølvforsvar.
I to romanar og i lyrikk og sakprosa krinsa skrivemåten til Georg Johannesen kring tankefridom og tanketvang. Korleis kome ut av slike sirklar? Jau: Kunsten ser på deg. Du som lesar vert vurdert av antikke og nye tekstar med utside på våre eigne illusjonar. Retorikk opnar for betre sjølvmedvit om rolla vår i kulturen. God lyrikk set ned lesetida, skaper ettertanke og staggar vår hastige flukt framover.
Somme har angst for essayistikk og lyrikk: Kva slepp vel laus om tanken blømer ustyrleg? Til vern harpar ein gjerne i skulen på periodetrekk og verkemiddel. Slikt er ikkje morosamt etter ein del rundar. For Georg Johannesen stod det heilt annleis: Ved å sjå måten meining vert strukturert på, skjønar ein prosessane av binding og frigjering i kulturopplevinga. Hermeneutikk, tolkingslære, handlar om tolkingskonfliktar der bjelken i vårt eige auge syner seg tydelegare.
Georg Johannesen var lite oppteken av å få rett; retorikk var inga lære om å vinne. Han var ein oppdagar, og lærte andre å oppdage. Vitskapsteoretisk stod han på Karl Poppers The Logic of Scientific Discovery, og i pakt med Thomas Kuhns The Structure of Scientific Revolutions visste han at repetisjonar i lærebøker, dømesamlingar og institusjonar hindrar nytenking.
Det ferske, ikkje enno 30 år gamle Universitetet i Bergen utvikla utetter syttitalet mengder av nye tiltak, ikkje minst innom kulturforsking. Ny forsking og nye teoriar var oppe til dagleg tverrfagleg drøfting og påverka alt frå folkloristikk, kunsthistorie og filosofi til nasjonalspråksfag og medievitskap.
Yngre akademikar og studentar forma Retorisk Forum (RF) i 1988. «Vaksne» tilsette var lette å be med. RF fekk midlar frå og oppgåver for Det historisk-filosofiske fakultetet, vart del av Senter for Europeiske Kulturstudier og var med på mange nummer av skriftserien der. Eit stort seminar var i 2003 i Gentofte, med fire norske institusjonar og retorikkmiljøet i København. Nettverket varte ved til 2010. Dette var ingen «privat klubb», som biografen Fidjestøl seiest hevde på si signingsferd land og strand ikring.
Fedrekult og ærbødig bukking overfor tekstar høvde dårleg i slike miljø. Naturleg nok har eg åtvara mot overærbødig dyrking av litterære tekstar i skulen, i om lag 30 år no, fått kjeft jamvel her i avisa for det har eg òg. Skagen trur likevel eg treng vaksine mot fedredyrking. Han veit visseleg kva fedrekult er, som har skrive eksegese på 974 sider av Rudolf Steiners virke.
Skagens skrivemåte i Dag og Tid ter seg som ovdigre Facebook-innlegg; han finn det greitt å tilleggje motparten tøvete meiningar for så å valse diskusjonen flat. Eg sa ikkje at det er av di forfattarar er avlidne at det er risikofritt å kritisere dei. Sidan Platon har kritikk av avlidne forfattarar vore ein hovudgeskjeft mellom intellektuelle. Slikt skal ein drive med, slik kjem refleksjonen vidare. Likevel forsømde eg å vurdere risikoen som ligg i å avsløre kor lite ein veit om det ein går til kulturkrig mot.
Skagens kritikk av lyrikaren Georg Johannesen går ikkje over i soga. Men han er eit interessant vitnemål om kulturkamp post mortem. Å tru at Georg Johannesens kulturelle og akademiske rolle forsvinn ved at lyrikken hans vert bortdømd, er å falle til fote for eit syn på skriving som romantisk breier seg ut i alle retningar før og etter den perioden vi kallar «romantikken», der genialitet og melankoli må rå. Men for å skjøne verdien av dei faglege tilskota til Georg Johannesen, lyt ein sjå bort frå anekdotar og klisjear – eller legender.
Når ein viftar med faner og flagg for å berge kulturen, opphøyrer diskusjonen. Då møter vi Åndskampen skridande skrømtaktig skræmsleg gjennom soga. Å kritisere at Olav den Heilage vart framstilt som mirakelmakar i Den legendariske Olavssoga, er idéhistorisk interessant, då teologisk meir enn kulturkritisk. Var han from, må han avsakraliserast? «Den legendariske Georgssoga», positiv eller negativ, inneber at der er ein mytologi å forsvare eller å fordømme. Det er ein underleg leik, for der ein lærer seg å tenkje, sluttar ein både å dyrke og å fordømme fortida.
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.
Foto: Heiko Junge / NTB
Effektivisering er ikkje berginga
Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.
Foto: Heiko Junge / NTB
Jordskjelvet
Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.
Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.
Foto: Heiko Junge / NTB
Moralske kvalar
Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.
Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.
Foto: Paul Kleiven / NTB
Villrein i eit villnis
Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.