Nedtur for norskfag?SkuleLinda OsloEndringar i norskfaget vekkjer alltid engasjement og sterke reaksjonar, og det er bra. I Dag og Tid 16. mars 2018 skriv Ingvil
Endringar i norskfaget vekkjer alltid engasjement og sterke reaksjonar, og det er bra. I Dag og Tid 16. mars 2018 skriv Ingvil Brügger Budal at det som no skjer med faget, er «ein nedtur». Ho meiner at det eldre kulturhistoriske stoffet er fjerna frå faget, og at grammatikk er vurdert som irrelevant. Ho meiner også at det er korte fristar for å gje innspel, og etterlyser ein meir demokratisk prosess.
Faga i skulen er for innhaldstunge, og læreplanane må leggje til rette for djupare læring. Det handlar om at elevane skal få tid til å lære noko grundig, forstå det godt og kunne bruke det i nye situasjonar. Elevane må også få tid til å reflektere over det dei har lært. For å få til dette må noko prioriterast ned – og noko må ut av faget.
Når det gjeld både språk og litteratur i norskfaget, inneber djupnelæring at elevane får lese lengre tekstar i staden for korte utdrag, og at dei skal ha ei meir aktiv tilnærming til stoffet dei arbeider med. Det vil seie at dei i større grad enn tidlegare kan spørje, utforske og finne svar i ulike kjelder og reflektere kritisk over det dei finn. Djupnelæring tek tid, og innhaldet i faget må prioriterast.
I forslaget til kjerneelement i norskfaget har vi redusert ein del av det eldre kulturhistoriske stoffet, som tradisjonelt har vore omfangsrikt og detaljert, for å gi rom for djupnelæring. Blant anna er norrønt språk og eldre språkhistorie nedprioritert. Forslaget inneheld likevel framleis historiske perspektiv på både litteratur og språk. Elevane skal gjennom heile opplæringsløpet lese tekstar frå både notid og fortid for å få innblikk i tankar og livsvilkår til ulike tider. Når det gjeld språk, er skilnaden frå tidlegare at målet ikkje er ein lineær gjennomgang av språkhistoria frå A til Å, men at elevane skal ta utgangspunkt i den språksituasjonen vi har i dag, og samanlikne sitt eige språk med andre, både i dag og i tidlegare tider.
Elevane skal framleis lære grammatikk. Formverk, ortografi, teiknsetjing, setningsstruktur og tekstbygging skal altså framleis vere ein berebjelke i norskopplæringa. Det Budal har rett i, er at det kan vere verdt å gå ein runde til der ein ser språkdelen av norskfaget opp mot tilsvarande i andre fag, til dømes i engelsk og framandspråk. Dette innspelet tek vi med oss vidare.
Forslaget som no ligg ute, er rett nok ikkje læreplanar, men utkast til kjerneelement i faga. Kjerneelementa skal blinke ut det viktigaste elevane skal lære, og er eit førearbeid til ny læreplan.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.