Nedtur for norskfagetSpråkKetil DoksetI 2001 publiserte Kjell Lars Berge og Trond Andreassen ein artikkel i Samtiden med tittelen «Norskfagets forfall og fall». «Norskfaget ved universiteter og høyskoler befinner seg i en dyp krise», hevda dei. Det er råka

Publisert

I 2001 publiserte Kjell Lars Berge og Trond Andreassen ein artikkel i Samtiden med tittelen «Norskfagets forfall og fall». «Norskfaget ved universiteter og høyskoler befinner seg i en dyp krise», hevda dei. Det er råka av «en nesten total mangel på grenseoverskridende nytenkning omkring fagets innhold sett i lys av dagens situasjon». I skuleverket har det vorte norsklærarane si svepe: «Bevisst og/eller ubevisst lot fagets maktpersoner forvitringen skje, uten tanke for at en halvgammel lektor en dag ville gå i frø konfrontert med en ny tid.» Lektor Rukla går til grunne i avmakt og fornedring av di han ikkje har fått «relevant faglig påfyll». Universitetet har ikkje dekt «samfunnets og elevenes behov for relevante problemstillinger», men har tvihalde på det Berge og Andreassen kalla ein borgarleg lærdomskanon. Berge og Andreassen tok difor til orde for «en ny syntese og et nytt paradigme» som gjer norskfaget til eit studium av «tekstkulturen i hele sin bredde».

Slik slo Berge og Andreasen ei bru frå norsk til medievitskap og retorikk. På universitetet er det ikkje alle som er så enkle å reformera, men i skulen har det skjedd mykje. Der held me oss no med eit utvida tekstomgrep, og didaktikken har vorte meir individualisert. Den moderne norsklæraren skal verka som tekstdokter. Han skal, nett slik Berge og Andreassen føreskreiv allereie i 2001, «diagnostisere elevenes egne tekster».

Likevel er det noko ufriskt over stemninga i skulestova. Stiloppgåvene er fulle av verbal støy, av nervøse forklaringar og vurderingskriterium. I straumen av hjelpemiddel, av lærebøker, ordbøker og datamaskiner med nettilgang, må den eleven vera sterk som framleis trur at han kan skriva sjølv, og me har mista konsentrasjonen i opplæringa.

Skulefag er kulturelt overleverte fortolkingar av den verkelege verda. Når me konsentrerer oss om eit fag, vil me på same tid både frigjera og innsnevre utsynet til eleven. Avgrensing er det faglege fiat lux, og det er just det me vantar i norskfaget: konsentrasjon om det som er kjernen i faget, om litteraturhistoria, språkhistoria og grammatikken.

Norsk litteraturhistorie kom inn i norskfaget midt på 1800-talet som ein siger for norskdomsrørsla. Sidan var me ei tid opptekne av å gje elevane «et saa fyldigt kjendskap som muligt til vort folks kulturliv i forskjellig tider, saaledes som dette aapenbarer sig i litteraturen». Om «verdens det store vit» også i framtida skal brytast «lik strålar av soli, som alltid får i kvar sin bylgje ein annan lit», må også dei elevane som ikkje veks opp i danningsborgarskapen, få skikkeleg undervisning i litteraturhistorie. I verste fall vil dei sitja att med omtrentleg kunnskap om Snorre, Ibsen og Undset. Mange har også berre omtrentleg kunnskap om Abraham og Moses eller kong Sverre og Christian Michelsen, men til saman utgjer all denne overflatiske lærdommen nett det me treng for å gå vidare: eit felles mytologisk og vitskapleg stoff.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement