Nedtur for norskfagetSkulenKetil Magnus DoksetI Dag og Tid den 6. april tok eg til orde for at elevane bør læra meir litteraturhistorie, språkhistorie og grammatikk. I Dag og Tid den 13. april tek lektor Espen Tørset til motmæle. «Det er ikkje berre å hopp
I Dag og Tid den 6. april tok eg til orde for at elevane bør læra meir litteraturhistorie, språkhistorie og grammatikk. I Dag og Tid den 13. april tek lektor Espen Tørset til motmæle. «Det er ikkje berre å hoppe inn i ein litterær klassikar som eleven ikkje er rusta for å lese», meiner lektor Tørset. Elevane må fyrst verta «lesekunnige», hevdar han vidare, for det «tar tid å få god dugleik i lesing og skriving». Då må me spørja, kva kan me når me er «lesekunnige» eller har «god dugleik i lesing»?
Dei fleste elevane i den norske skulen lærer seg å gjera bokstavar til ord og ord til setningar, og det i god tid før dei byrjar i den vidaregåande skulen. Slik sett er dei lesekunnige på same måte som eg er det. Eg kan lesa høgt frå Nature, og les eg høgt nok, vil grannen tru at eg er eit flogvit, men i røynda forstår eg lite. Kvifor ikkje? Av di eg ikkje har terpa på lesestrategiar, på VØL eller BISON eller andre metodiske nyvinningar? Nei, av di eg ikkje har studert naturvitskap og elles er er syrgjeleg lite interessert.
Likeins går det med mange elevar og ikkje så få vaksne når dei skal lesa Holberg og Garborg. Dei har for lite bakgrunnskunnskap til å forstå humoren i Erasmus Montanus eller alvoret i Bondestudentar. Dei veit for lite om dei logiske drillmønstringane ved dei gamle europeiske universiteta, og dei veit for lite om den norske åndshistoria som seinast Kaj Skagen har skrive om i Norge, vårt Norge. Dei har med andre ord ikkje lese nok litteraturhistorie.
Lesing vert i den gjeldande læreplanen lista opp som ein av fem «grunnleggende ferdigheter», men me skal vakta oss vel for å tru at basisdugleik er fagovergripande generell dugleik. Når eleven fyrst har fått dreis på avkodinga, er det ikkje all verda me kan greia med leseopplæringa så lenge me pukkar på at ho framleis skal handla om metode.
Leseopplæringa må handla om innhald. Me som har lese Platon, Hegel og Gadamer, har sjølvsagt visst det heile tida, men det er få av oss, så me skal vera glade for at det òg finst empiriske prov på dette: Ein må allereie kunna noko om det ein skal læra; kunnskap byggjer på kunnskap. Intelligens er vel og bra, men ein kan ikkje latin jamvel om ein kan matematikk. Sjakkspelaren har god hugs så lenge det er sjakkbrikkar han skal halda styr på.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.