«Navigare necesse est»

Publisert Sist oppdatert

Forsvarsministeren mislikar utidige spørsmål om den sørgjelege heimferda til KNM «Helge Ingstad». «Vent med spekulasjonar til alle fakta er på bordet – kanskje til neste år.» Greitt nok. Men ingen statsråd eller admiral kan hindre oss i å hente relevante kommentarar i litteratur og historie. Bergensaren Ludvig Holberg har – på mirakuløst vis – gitt sitt bidrag alt for 300 år sidan i skodespelet Den politiske kannestøper: «Et er søkart at forstå, et annet er et skib at føre.» Så eit langt hopp bakover til det gamle Romarriket. Hærføraren Pompeius skulle segle tilbake til Roma frå Egypt med skip fullasta med korn. Mannskapa ville nekte å legge utpå ettersom det laga seg til uvêr på «mare nostrum». Men ein sigerrik hærførar kunne ikkje la seg stanse av ein fillestorm på «eige hav» – på veg til seremonielt triumftog i Roma, og sa: «Å segle er nødvendig, å leve er ikkje nødvendig.»

Litt hybris på kommandobrua – i trass mot lunefull Neptun? – KNM «Helge Ingstad» hadde meir hell med sine vêrgudar på heimveg til basen etter vellykka krigsleik. Roleg sjø, flau vind, fleire navigatørar på brua, lys «på land» i sikte – full kontroll. Rett nok litt babling på radio om kollisjonskurs – eit forstyrrande element. Men ikkje nok til å øydelegge den gode stemninga. Uendra kurs og fart. Så: kollisjon! Men – hell i uhell – dyktig navigasjon set skipet på grunn, i stabilt sidelægje. Med sikring av vaierar til boltar bora ned i norsk grunnfjell. Her tek me eit raskt sidesprang til Henrik Ibsen: «Kan hende jeg seiler min skute på grund: men så er det dog deilig å fare.» Full kontroll!

Men botnsolid grunnfjell syner seg svikefullt. Tysdag 13. november blir durabel blåmåndag når skipet søkk. Kva no – kadettar og kontreadmiralar? Tankane tek kanskje ein (hemmeleg) snarveg til dagens høge oljepris. Oljefondet har bikka 8000 milliardar. Får ny fregatt for maks 5. Så kan ein i farten gløyme at eitt nytt fartøy vil sluke heile neste års forsvarsbudsjett. (Full) kontroll.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement