Navalnyj – regel og ikkje unnatak i russisk historie
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Når Russland raslar med sablane ved grensa mot Ukraina, får Aleksej Navalnyj og andre opposisjonelle mindre merksemd. Navalnyj sit i fengsel og blir sitjande lenge. Det er ikkje til å undre seg over. Russland har aldri teke med silkehanskar på annleistenkjande i eigne rekkjer.
På 1600-talet stod presten Avvakum Petrov opp mot kyrkje- og tsarmakta. Han vart brend på bålet. Sidan har mange russiske opposisjonelle fått svi. Forholdet mellom sentralmakt og opposisjonelle går som ein raud tråd gjennom russisk historie. Sentralmakta har to funksjonar. På den eine sida mobiliserer ho til kamp mot ytre fiendar. I mellomalderen var det tatarar og tyske riddarar den aust-slaviske fyrstemakta kjempa mot. Seinare har den russiske sentralmakta slost mot polakkar på 1600-talet, svenskar på 1700-talet, Napoleons franske hær på 1800-talet og tyskarar i to omgangar på 1900-talet.
På den andre sida blir sentralmakta nytta til skånsellaus undertrykking av annleistenkjande i eige land. Dagens mest kjende opposisjonelle i Russland, Aleksej Navalnyj, er siste skotet på ein lang stamme av russiske annleistenkjande opposisjonelle – dissidentane.
Frå sovjettida er dei mest sentrale dissidentane atomfysikaren Andrej Sakharov og forfattaren Aleksandr Solzjenitsyn. Sakharov er hydrogenbombas far som seinare vart menneskerettsaktivist og fekk Nobels fredspris. Solzjenitsyn, som sjølv hadde sete i fangeleir, brukte forfattarskapen til å dokumenterte sovjetmaktas fangeleirar. Nobelprisen i litteratur fekk han i 1970.
Men dissidenttradisjonen i Russland går mykje lenger attende i tid. Den kanskje viktigaste dissidenten i russisk historie er presten Avvakum Petrov (1620–1682). Hans liv og virke i tsarens Russland har mange parallellar til Navalnyj i Putins Russland. Navalnyj treng ingen detaljert presentasjon. Etter å ha studert juss var han ei stund med i sentrumspartiet Jabloko, men blei ekskludert etter å ha kome med innvandringskritiske og framandfiendtlege ytringar. So følgde ein periode som høgreradikal aktivist, før han byrja som regimekritikar med særskilt fokus på korrupsjon og maktmisbruk. I 2020 vart han forgifta, og etter at han kom attende frå medisinsk behandling i Tyskland, vart han fengsla.
Avvakum er mindre kjend i Noreg. Bakgrunnen er den store splittinga i den russiske kyrkja på 1600-talet. Patriark Nikon og Tsar Aleksej Mikhailovitsj ville reformere kyrkjas liturgi og ritual etter gresk mønster, men møtte stor motstand blant prestar og lekfolk. For Avvakum og hans «gamaltruande» meiningsfellar var det den særeigne russiske tradisjonen som representerte den sanne kristendommen, og reformer ovanfrå og attpåtil med internasjonalt tilsnitt var alt anna enn velkomne. Avvakum var ubøyeleg i sin opposisjon mot sentralmakta og vart forvist til Sibir i to omgangar. I motsetnad til Navalnyj vart han ikkje forgifta, men han vart lyst i bann og send til Pustozersk nord i Russland, der han vart brend på bålet i 1682. Som Navalnyj var Avvakum ikkje ein kompromissets mann: Frå bålet rekte han høgrehanda i veret med tofingerteiknet som dei gamaltruande bruker når dei krossar seg, og ropte: «Ber de med dette teiknet, skal de aldri gå fortapt».
Avvakum har skildra livet sitt i ein sjølvbiografi. Han er forma som eit helgenvita (ei skildring av livet til ein heilag person), og Avvakum tolkar si eiga liding i ljos av Bibelens forteljing om Kristus. Boka finst på norsk i Erik Egebergs framifrå omsetjing frå russisk. Som forfattar er Avvakum den fyrste som skildrar fangeliv i Sibir. Her representerer han byrjinga på ein litterær tradisjon som omfattar både Dostojevskij og Solzjenitsyn. Som religiøs leiar og dissident har han sett like djupe spor etter seg. Enno i dag, 340 år etter at han vart brend på bålet, finst det truleg meir enn ein million gamaltruande spreidd rundt i Russland og mange andre land. Om Navalnyj vil setje like djupe spor etter seg i russisk historie på lang sikt, er det enno for tidleg å seie noko om.
Å plassere Navalnyj i same tradisjon som Avvakum, Sakharov og Solzjenitsyn er kanskje i overkant dristig, for her er det tale om ulike historiske periodar og menneske av særs ulike kaliber. Verdisyn og verdsoppfatningar er heilt forskjellige. Men ein ting har dei fire felles. Dei talte den russiske sentralmakta midt imot – og måtte betale ein høg pris for det.