Ifølgje ein kommentar av historikaren Gaute Losnegård i Dag og Tid nr. 32 skal eg ha «gått av skjenene» i artikkelen min om naturen i Dag og Tid nr. 31. Mest verkar det som om Losnegård meiner at eg burde skrive ein annan artikkel.
Når eg beskriv oppveksten min i 1950-åra, kritiserer han meg for ikkje å ha nemnt at eg aldri såg ein traktor. Nei, eg skriv rett nok ikkje det, og hadde eg skrive det, ville det vore feil. Derimot minnest eg godt ein vårdag, eg trur det må ha vore i 1956 eller 1957, at far min kom køyrande til gards med ein traktor, oransjegul av merket Allgaier. Etter eit par, tre veker fann han rett nok ut at denne reiskapen passa dårleg på det brattlendte småbruket, så traktoren blei seld og erstatta med ein tohjulstraktor. Nei, eg skriv heller ikkje noko om «det menneskelege slitet som (eg) må ha opplevd på alle kantar». Kvifor skulle eg ha skrive om det? Det var ikkje det artikkelen handla om. Men eg har skrive om dette, og dersom Losnegård er interessert, kan eg vise til essayet mitt «Kvar skal vi setje grensene for ’framskrittet’?» i nettmagasinet Harvest.
Der eg likevel skal ha gått «heilt av skjenene», er når eg – angiveleg ironisk – peikar på at svært mange i dag oppfattar slikt som vindturbinar, gruvedrift og vegar som inngrep i ein natur som helst bør få vere i fred for menneskelege inngrep. For det første kan eg ikkje sjå at dette kan oppfattast ironisk. Og for det andre kan eg heller ikkje forstå at det eg skriv her, er feil. Det er berre å følgje litt med på debatten om vindkraft. Eg beskriv ei faktisk utvikling i synet på, og bruken av, naturen, men eg moraliserer ikkje over denne utviklinga. Og ingen stad i artikkelen tar eg, for eksempel, stilling til om vegbygginga eller vindturbinane er bra eller dårleg. Om eg forstår Losnegård rett, er det dette eg burde ha eigna artikkelen til.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.