Det er rart korleis drivne skribentar kan skildre noko for å få fram eit poeng, og samtidig utelate det viktigaste knytt til dette fenomenet. Slik vil eg karakterisere Jon Naustdalslid sin tekst «Før naturen blei ei anna verd» i Dag og Tid nr. 31.
Naustdalslid har ei livleg skildring av bondesamfunnet i sin eigen oppvekst i 1950-åra. Poenget hans er at folk då levde i naturen – «skogen, utmarksbeitet, utmarksslåttar». Folk høyrde på Landbrukshalvtimen på radio som om det var gudsteneste, og villmark hadde dei ikkje noko forhold til.
Forteljinga til Naustdalslid er historisk interessant, men han skriv ikkje noko om at han aldri såg ein traktor, eller om det menneskelege slitet som han må ha opplevd på alle kantar i oppveksten, og som no er borte. Han går heilt av skjenene når han ironisk peikar på at menneskelege inngrep som vindturbinar, gruvedrift og vegar i dag er blitt til «inngrep» som «helst skal få vere i fred for menneskeleg påverknad». Han ser ut til å meine at naturvern er idiotisk tull.
Det skribenten utelèt å skildre, er den avgrunnsdjupe skilnaden mellom 1950-åras kortreiste hushaldsøkonomi og nærast maskinfrie levemåte, kontra dagens utbyggjarar med internasjonal kapital og ein uavgrensa maskinpark i ryggen. Det at vi menneske i dag etter fattig evne prøver å verne noko av vårt eige naturgrunnlag mot vår eiga utnytting, må vere noko av det fremste vi som art har oppnådd.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.