JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Næringslivet øydelegg Noreg

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3919
20221216
3919
20221216

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Lakseskatt

Ein kan ikkje skulde Morten A. Strøksnes for å bryte med si eiga velprøvde oppskrift. Med ei blanding av påstandar, lausrivne sitat og bruken av aviskommentatorar som sanningsvitne, feller han ein unådig dom over oppdrettsnæringa. Ein kan freistast til å spørje: kvifor gå omvegen om grunnrente, når målet heilt klart bør vere å leggje næringa ned? Og korleis skal me så byggje landet opp att når denne viktige jobben er gjord?

Les også: «Laksebaronar utan lusekufte»

Ingen kan overtyde Strøksnes om at lakseoppdrett har blitt ein viktig arbeidsgjevar og verdiskapar i landet vårt. Uansett kva tal som blir lagde fram, eller kva historier som blir fortalde, er dette berre kyniske distraksjonar frå ei næring som er ute etter å snylte på det norske folket sin eigedom. Om nokon står fram og seier dei håpar å kunne ha ein jobb i laksenæringa si verdikjede også i framtida, er dei berre falske vitne. Betalte av storkapitalen for å skape eit usant inntrykk. Strøknes veit svaret. Strøknes veit best. Vi andre 40.000 vi er nyttige idiotar som ikkje veit betre.

Sjølv i samfunn som Lovund, Byrknes og Frøya, der inntektene og aktiviteten rundt laksen har bidrege til vesentleg infrastruktur, sysselsetjing og busetnad, er ikkje dette å forstå som noko anna enn eit demokratisk problem. Utanlandske eigarar og store investorar er ein uting, men det er lokale gründerar òg. Det hadde opplagt vore ein fordel om desse næringsutøvarane la ned og flytta, slik at samfunnet kunne falle attende til si naturlege form, der styresmaktene heldt orden på at ingenting vart bygd. So kunne folk fiske i fred frå ein robåt, utan å bli forstyrra av maskiner og anna ståk frå menneskeleg aktivitet.

Det er litt uklårt kvifor grunnrente skal gjere det enklare for forskarar å få forske uforstyrra, eller sove uforstyrra, slik problemet blir lagt fram i innlegget. Det er heller ikkje lett å skjøne kvifor denne skatten skal gjere forureininga frå næringa mindre? Men kjensla ein sit att med, er vel eigentleg at dette er ei næring Noreg ikkje har bruk for på nokon måte. Skatten er ikkje meint å skulle finansiere offentlege budsjett, men å tappe blodet av ein bransje som har fått leve for lenge.

Gjennom Strøksnes si rekke av bidrag i samfunnsdebatten har me fått lære mykje om kven som har øydelagt landet vårt. Oppdrettsnæringa, privat kapital og anna næringsverksemd har gjort oss utarma. Politikarar er naive og forvirra, demokratiet er på sotteseng. Me er ein nasjon på randa av undergangen. Medløparar i forsking, politikk og media har gjort dette ranet av nasjonale verdiar mogleg.

Det er litt mindre tydeleg kven som er framtidshåpet, ved sida av skribenten sjølv, og korleis dei skal byggje opp att landet frå den steinrøysa av kynisme, forpesting og ansvarsløyse som me no står i. Kanskje er det hans eige fiske etter håkjerring, som han òg har skrive godt om i si eiga bok? Korleis blir det nye og betre Noreg? Kva er idealet? Finst der døme å sjå til i fortida, eller i omverda? Kva produksjon skal vere tillaten? Blir det eit styre som toler ulike meiningar, eller vil aviskommentatorar styre utan nåde?

Eg ser fram til at Strøksnes kjem nærare inn på dette i sitt komande arbeid. At han kan sjå føre seg det neste leddet i utviklinga, der havbruk er vekke, til liks med andre typar øydeleggjande industri. Der private eigarar er jaga frå landet og storkapitalen er forvist. Kva jobbar folk med? Korleis finansierer me staten sine plikter? Har me ein velferdsstat? Korleis vil kvardagen vere i distrikta? Skal der bu folk, utover dei som syter for at byfolk kan kome og slappe av? Det skal bli godt å høyre om alle moglegheitene no, når skatten snart har løyst dei verste problema.

PS. Lakselobbyist vert eg kalla (utan eit einaste PR-byrå i ryggen, sjølv om Dag og Tids skribent tydelegvis veit betre).

Øyvind André Haram er kommunikasjonssjef i Sjømat Norge.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis