Når vil Riksrevisjonen revidera Ullevål universitetssjukehus?
Styret for Oslo universitetssjukehus (OUS) har vedteke dei endelege planane for det nye Rikshospitalet, eit nytt Aker sjukehus og nedlegging av Ullevål sjukehus.
Foto: Lise Åserud / NTB
Siviløkonom Eilif Holte spurde, i Dag og Tid 13. januar 2023, om riksrevisoren Karl Erik Schjøtt Pedersen stoppa revisjonsarbeidet som gjeld nedlegging av Ullevål sjukehus / flytting av sjukehuset. Schjøtt Pedersens svar i Dag og Tid 20. januar var at Riksrevisjonen hausten 2021 vurderte å setta i gang «undersøkelser på beslutningsgrunnlaget for konseptvalg ved investeringer i sykehusbygg». Men Riksrevisjonen kunne ikkje gå inn i politiske «beslutningsprosesser før investeringsbeslutningen er tatt».
Riksrevisjonen ville heller ikkje undersøka realismen i Helse Sør-Aust (HSØ) sin store lånesøknad på 30 milliardar til Oslo Universitetssjukehus (OUS). Holte viser til ei rekkje opprør mot «kontroversielle disposisjonar i sjukehussektoren» og spør kvifor ikkje Riksrevisjonen vil «sjå nærare på om dette var ein ansvarleg omgang med statlege midlar» (Dag og Tid 13. januar).
Riksrevisjonen hadde heller ikkje klart svar på kor OUS skal ligge.
Riksrevisor Schjøtt Pedersen skreiv så seint som i januar i år at avgjerda om Riksrevisjonen skal gjennomføra undersøkinga, er utsett «til endelig beslutning er tatt i saken». Riksrevisjonens kollegium «vil gjøre en vurdering av om vi skal sette i gang denne undersøkelsen når det er besluttet hvor OUS skal ligge.» (Dag og Tid, 3. februar.)
OUS-problem skapte av HSØ og OUS er at tre godt drivne, landsdekkande spesialsjukehus – Rikshospitalet, Ullevål og Gaustad psykiatriske sykehus – vert nå rørte i hop i ei mølje saman med Aker sjukehus, og ingen veit kor dette endar.
Det er mykje som manglar i planar og konsekvensanalysar rundt sjukehusutbygginga i Oslo, helseregionen og landet elles. Dette vert stadig meir kostbart, og det vert sløst med tid, fordi ein ikkje er villig til å sjå på heilskapen i sjukehusstrukturen i landet. Sjukehusutbygging vert halde utanfor stortingsvedtak, sjølv om det belastar ein stor del av landets nasjonalbudsjett.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.