«Når makt blir flytta ut av dei folkevalde organa, blir vanlege folk sine moglegheiter til å påverke eigen kvardag redusert.»

Publisert

Dag og Tid har spurt kvifor vi inviterte Rune Slagstad til å halde foredrag hos den politiske leiinga i Finansdepartementet.

Det gjer vi med glede.

Slagstads posisjon er spesiell: Han kombinerer eit uvanleg breitt historiefagleg overblikk med ein tydeleg politisk posisjon. For sjølv om Slagstad tidlegare har hatt ein lang karriere som politikar, har han halde på evna til å sjå på makt frå utsida – han analyserer den norske samfunnsmakta utanfrå og nedanfrå.

Det er den same posisjonen som breie lag av befolkninga har. Og det er derfor Slagstad evnar å ramme inn dei skjulte idéhistoriske og politiske understraumane i det norske samfunnet med sitt skarpe faglege blikk, samtidig som han gir oss andre eit godt instrument til å forstå dei politiske forskyvingane som vi ser særs godt i mange land, men også kan ane i Noreg.

Les førelesinga: «Venstrepopulisme på norsk»

For rotårsakene er felles over heile Vesten, ein radikal og internasjonalt orientert nyliberalisme som systematisk underminerer dei nasjonale rammene befolkninga legg til grunn som grunnpilarane i eit samfunn: nasjonal sjølvråderett, demokratisk styring, kontroll og moglegheit til å justere styringa over viktig infrastruktur (eksempelvis energi og helsetenester). Og kanskje aller viktigast: at det finst kanalar i det offentlege rommet der den geografiske og sosiale periferien kan nå fram med sine legitime interesser og synspunkt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement