«Når makt blir flytta ut av dei folkevalde organa, blir vanlege folk sine moglegheiter til å påverke eigen kvardag redusert.»
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Venstrepopulisme
Dag og Tid har spurt kvifor vi inviterte Rune Slagstad til å halde foredrag hos den politiske leiinga i Finansdepartementet.
Det gjer vi med glede.
Slagstads posisjon er spesiell: Han kombinerer eit uvanleg breitt historiefagleg overblikk med ein tydeleg politisk posisjon. For sjølv om Slagstad tidlegare har hatt ein lang karriere som politikar, har han halde på evna til å sjå på makt frå utsida – han analyserer den norske samfunnsmakta utanfrå og nedanfrå.
Det er den same posisjonen som breie lag av befolkninga har. Og det er derfor Slagstad evnar å ramme inn dei skjulte idéhistoriske og politiske understraumane i det norske samfunnet med sitt skarpe faglege blikk, samtidig som han gir oss andre eit godt instrument til å forstå dei politiske forskyvingane som vi ser særs godt i mange land, men også kan ane i Noreg.
Les førelesinga: «Venstrepopulisme på norsk»
For rotårsakene er felles over heile Vesten, ein radikal og internasjonalt orientert nyliberalisme som systematisk underminerer dei nasjonale rammene befolkninga legg til grunn som grunnpilarane i eit samfunn: nasjonal sjølvråderett, demokratisk styring, kontroll og moglegheit til å justere styringa over viktig infrastruktur (eksempelvis energi og helsetenester). Og kanskje aller viktigast: at det finst kanalar i det offentlege rommet der den geografiske og sosiale periferien kan nå fram med sine legitime interesser og synspunkt.
Når makt blir flytta ut av dei folkevalde organa, blir vanlege folk sine moglegheiter til å påverke eigen kvardag redusert. Viktige avgjerder flyttar inn i dei lukka samfunnsrom. Dette skapar avmakt og avstand, som igjen gir grobotn for potensielt store politiske understraumar. Og som vi har sett i andre land, dette er understraumar som – dersom dei ikkje blir spegla av lyttande og imøtekomande politiske løysingar – kan få utslag som få av oss ønsker seg.
Slagstad er ein ruvande intellektuell det er vel verdt å lytte til i dette landskapet. Han snur omgrepet populisme frå elitær forakt til eit adelsmerke ved det norske samfunnet: den motkulturelle politiske krafta som kjem nedanfrå, frå alle delar av landet vårt, frå bønder, frå kysten i nord og vest, arbeidsfolk, kvinner og så vidare, alt som har vore ein heilt sentral del av den moderne norske historia frå Hans Nielsen Hauge og framover. Enkelte framstiller dette som negativt, Slagstad definerer denne demokratiske populismen som eit av dei viktigaste – og mest verdifulle! – særtrekka ved det norske samfunnet.
Det er få i dag som vil hevde at den demokratiske populismen sine sigrar dei siste 200 åra har gjort Noreg til eit dårlegare samfunn. Det kan faktisk vere slik at fleire av dei som knapt kan uttale «populisme» utan å få lyst til å pusse tennene etterpå, har fått sin sentrale offentlege posisjon ved å stå på dei strukturane som er skapt av denne særnorske, samfunnsformande populismen som har skapt den likskapen og tilliten vi alltid likar å peike på når vi skal poengtere det unike ved Noreg.
Spørsmålet Slagstad avsluttar med, er korleis ein ny og transformerande maktstrategi frå ein folkeleg (demokratisk-populistisk) posisjon skal utformast.
Både Slagstad og Senterpartiet deler denne premissen: Dette er eit tvingande nødvendig behov i norsk politikk.
For alternativet er lite ønskeleg: Viss ikkje den legitime frustrasjonen som me kan sjå vekse der ute i det norske samfunnet, får eit konstruktivt og forsonande utløp gjennom kanalar og organ som er positivt samfunnsdannande i tråd med tidlegare folkeleg-populistiske politiske rørsler, risikerer vi å setje landets viktigaste kapital på spel: tilliten mellom samfunnslag, samfunnsinteresser og mellom by og land.
Skjalg Fjellheim er statssekretær (Sp) i Finansdepartementet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.