Når historia blir fiksjon

Kathrine Thorborg Johansen som Gro Harlem Brundtland i «Makta». serien manglar forståelege referansar til dei politiske stridane i samtida, skriv Helge Rønning.
Kathrine Thorborg Johansen som Gro Harlem Brundtland i «Makta». serien manglar forståelege referansar til dei politiske stridane i samtida, skriv Helge Rønning.

Korleis framstiller film og TV nær historie og politikk?

Publisert

Det kan synast mest som ein historisk ironi. Samstundes med at Netflix sleppte absolutt siste sesong av The Crown, som handlar om tilhøva i det britiske kongehuset under Elizabeth II, hausta NRK suksess med fjernsynsserien Makta, som dreiar seg om Arbeidarpartiet då Olav V var konge i Noreg.

Dei to seriane reiser på kvart sitt vis spørsmål om korleis film og TV framstiller nær historie og politikk. Kva er tilhøvet mellom fakta og fiksjon og makt og individ i institusjonar? Slike problem vert endå meir interessante i lys av ein serie som er fiktiv, men som likevel kan forståast ut frå verkelege tilhøve – den danske Borgen.

Makt

Det første temaet det kan vere grunn til å reflektere litt over, er: Kva inneber makt? Det ligg i heile konseptet bak The Crown. Kva står krona til regenten for? Det finst i «Borgen», som er kallenamnet på det danske Folketinget. Der har makta sitt opphav. Og ikkje minst, det er tittelen på den norske produksjonen.

Det er eit paradoks i den britiske serien at regenten i prinsippet ikkje har noka formell makt, men likevel blir all makt utøvd i namnet til dronninga. Det gjeld regjeringa, parlamentet, rettsvesenet, dei væpna styrkane. Krona er den offisielle maktinstitusjonen. The Crown inneheld derfor den eine scena etter den andre som tematiserer denne makta. Det gjeld når dronninga viser seg for folket. Det gjeld når ho møter statsministrane sine. Det gjeld når ho må handle for å ta vare på den symbolske makta som krona står for.

Derfor er det avgjerande for truverdet at verkelege tilhøve blir framstilte. Makta eksisterer ikkje i eit tomt historisk rom. Sjåarane får tilgang til politiske hendingar i Storbritannia i dei tiåra som Elizabeth regjerte. Eitt godt døme er framstillinga av Suez-krisa i 1956. Dette gjeld også når det som er privat i den kongelege familien, grip inn handlinga. Privatlivet deira er der som delar i eit romantisk eventyr, men også knytt til ein maktkamp. I den siste og minst politiske sesongen, der Diana er hovudperson, er det symbolske maktproblemet knytt til familien Al-Fayed. Det vil seie kapital og aktørar som utfordrar den britiske makta.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement