JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Når historia blir fiksjon

Korleis framstiller film og TV nær historie og politikk?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kathrine Thorborg Johansen som Gro Harlem Brundtland i «Makta». serien manglar forståelege referansar til dei politiske stridane i samtida, skriv Helge Rønning.

Foto: NRK

6549
20231215
6549
20231215

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Kommentar

redaksjonen@dagogtid.no

Det kan synast mest som ein historisk ironi. Samstundes med at Netflix sleppte absolutt siste sesong av The Crown, som handlar om tilhøva i det britiske kongehuset under Elizabeth II, hausta NRK suksess med fjernsynsserien Makta, som dreiar seg om Arbeidarpartiet då Olav V var konge i Noreg.

Dei to seriane reiser på kvart sitt vis spørsmål om korleis film og TV framstiller nær historie og politikk. Kva er tilhøvet mellom fakta og fiksjon og makt og individ i institusjonar? Slike problem vert endå meir interessante i lys av ein serie som er fiktiv, men som likevel kan forståast ut frå verkelege tilhøve – den danske Borgen.

Makt

Det første temaet det kan vere grunn til å reflektere litt over, er: Kva inneber makt? Det ligg i heile konseptet bak The Crown. Kva står krona til regenten for? Det finst i «Borgen», som er kallenamnet på det danske Folketinget. Der har makta sitt opphav. Og ikkje minst, det er tittelen på den norske produksjonen.

Det er eit paradoks i den britiske serien at regenten i prinsippet ikkje har noka formell makt, men likevel blir all makt utøvd i namnet til dronninga. Det gjeld regjeringa, parlamentet, rettsvesenet, dei væpna styrkane. Krona er den offisielle maktinstitusjonen. The Crown inneheld derfor den eine scena etter den andre som tematiserer denne makta. Det gjeld når dronninga viser seg for folket. Det gjeld når ho møter statsministrane sine. Det gjeld når ho må handle for å ta vare på den symbolske makta som krona står for.

Derfor er det avgjerande for truverdet at verkelege tilhøve blir framstilte. Makta eksisterer ikkje i eit tomt historisk rom. Sjåarane får tilgang til politiske hendingar i Storbritannia i dei tiåra som Elizabeth regjerte. Eitt godt døme er framstillinga av Suez-krisa i 1956. Dette gjeld også når det som er privat i den kongelege familien, grip inn handlinga. Privatlivet deira er der som delar i eit romantisk eventyr, men også knytt til ein maktkamp. I den siste og minst politiske sesongen, der Diana er hovudperson, er det symbolske maktproblemet knytt til familien Al-Fayed. Det vil seie kapital og aktørar som utfordrar den britiske makta.

Røynd og fiksjon

Skodespelarane i serien liknar dei verkelege menneska dei representerer. Dermed er fiksjon og røynd til stades. Serien fortel om historiske hendingar og tilhøve. Kjenslene til karakterane og dialogane dei imellom er delvis oppdikta. Men denne fiksjonen er der for at røynda skal bli klår.

Det høyrer med til historia at Peter Morgan, som har skapt The Crown, ikkje er tilhengar av monarkiet. I eit intervju med Der Spiegel i 2018 understreka han at serien framstiller tilhøvet mellom maktinstitusjonen og dei individa som er ein del av han. Det gjeld dronninga sjølv og familien hennar. Kvar endar rolla, og kvar byrjar mennesket?

Individa slepp ikkje laus frå rolla si. Det gjeld også Diana, sjølv om ho vil vekk. Det er tragedien i den symbolske makta som krona står for. Serien tematiserer det same som tragediane og komediane til Shakespeare gjorde i tidsalderen til den fyrste dronning Elizabeth. No er intrigane flytta til nyare tid og TV-strøyming.

Fiksjon eller?

Spelet om politisk makt dreier seg om individ, institusjonar, hendingar og haldningar. I den fiktive serien Borgen er den politiske bakgrunnen framstilt slik at det kunne ha vore verkeleg. Det gjeld til dømes det politiske spelet om Grønland i den siste sesongen. Det betyr at den kampen om makta som hovudpersonen Birgitte Nyborg er ein del av, ikkje går føre seg i eit politisk vakuum. Individ står mot kvarandre i ein institusjonell og psykologisk kamp.

Borgen er ikkje eit dokudrama som The Crown. Det dokumentariske ligg ikkje i referansane til verkelege personar eller historiske fakta, men i at konfliktane berre kan forståast på bakgrunn av politiske hendingar. Dei liknar på noko som kunna ha vore verkeleg. I Borgen er fiksjonen driven opp i ein dramaturgisk og filmatisk stil som ligg nær på det dokumentariske. Karakterane er ikkje «verkelege menneske» sjølv om dei kunne ha vore det.

Den store utfordringa for Makta ligg i at serien korkje er klårt fiktiv eller klårt dokudramatisk.

Verkelege menneske

I Makta er nokre karakterar tru mot førelegget, andre ikkje, og det er i det heile teke ikkje klårt kvifor det er slik. Ein ven av meg som kan filmbransjen godt, sa kynisk: «Produsentane leita vel etter skodespelarar som var ledige og ikkje kosta for mykje. Det var ikkje så viktig om dei likna eller ikkje.» Det er umogeleg å ikkje samanlikna karakterane i Makta med dei politikarane som dei ber namna til. Det har med truverd å gjere.

I mange kommentarar har det vore trekt fram at Einar Førde er heilt feil framstilt. Men karakteren Førde er berre ein av mange som ikkje liknar. Andre, som Aspengren, og for den saks skuld Gerhardsen, er framstilte på eit vis som gjer at det er uforståeleg at dei hadde makt. Dei har ingen karisma. Sjølv om skodespelarane ikkje liknar, må dei stå fram som dei maktfulle eller maktlause personane dei representerer. Aspengren kan ikkje framstillast som ein overvintra hippie.

Verkeleg handling

Intrigane karakterane imellom skal vere forståelege ikkje berre i isolasjon, men også gjennom referansar til hendingar i omverda og i historia. Det vil seie at skildringa av politiske krokvegar og maktkampar må forankrast i verkelege og forklårlege tilhøve.

Makta manglar forståelege referansar til dei politiske stridane og posisjonane i samtida. Eit døme frå første episode er at folkerøystinga om EF ikkje er nemnd. Kva var dei politiske posisjonane innanfor Arbeidarpartiet? Var Reiulf Steen ein berar av ein annan politikk enn Oddvar Nordli? Var Gro den første versjonen av eit norsk «new labour»? I Makta blir motsetningane i staden framstilte som om det rører seg om kven som ikkje tolte trynet på kvarandre.

Det er to tilhøve som gjer dokumentariske drama truverdige. Det eine er det som kan kallast realismen i karakterane. Det andre er det som kan kallast realismen i handlinga. The Crown tilfredsstiller båe desse realismekrava – referansar til verkelege personar og til hendingar. Morgan sa det slik: «Nesten alt som hender i The Crown, har hendt.» I Borgen ligg realismen i handlinga, ikkje i at personane er historiske.

Makta held ikkje mål korkje når det gjeld realisme i karakterane, eller når det gjeld realisme i handlinga.

Helge Rønning er professor emeritus ved Institutt for medium og kommunikasjon på Universitetet i Oslo.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis