Når diktet blir usynleg

Knut Ødegård.
Knut Ødegård.
Publisert

Som innleiing kjem ei personleg erfaring om dikt og synleggjering: Eg debuterte med ei tynn diktsamling året 1967 på nynorskforlaget Noregs Boklag, eit lite forlag med store namn som t.d. Tor Jonsson, Olav H. Hauge og Jan-Magnus Bruheim. Denne vesle diktsamlinga fekk omtale og kritikk i 26 aviser og andre medium. Poeten vart intervjua i fleire medium, beden om opplesingar og vart straks rekna som viktig i norsk skriftkultur.

Dei store avisene skreiv grundige kritikkar av diktboka, m.a. Paal Brekke i Dagbladet (som av mange vart rekna for den viktigaste kulturavisa den gongen): «Det er mange dikt jeg vil sette kryss og utropstegn ved i denne samlingen», skreiv Dagbladets kritikar. Og slik heldt dette fram med utgjevinga året etter, og så vidare mange år på same gode vis.

Lyrikken og lyrikaren var både synleg og viktig i fedrelandet.

Etter eit halvt hundreår, 17 diktsamlingar og omsetjing til over førti språk med separate bokutgjevingar samt ei rad viktige prisar og heidersteikn frå mange land, fekk eg 2 – to – kritikkar for diktboka mi i 2023, Samuel Pedersens reisedagbok.

Så kan ein tru eg er ein alderssvekt skrivar som har tapt meg noko bedrøveleg som poet i mitt lange samliv med ordet i dikt.

Tja, men i så fall tek dei få som har halde fram med å skriva om desse diktbøkene frå seinare år, heilt feil. Tre år før kom Sirkusdirektøren, og då skreiv Helge Torvund i Klassekampen: «Overtydande frå ein av våre beste poetar. Hjarterått, hjartegodt (...) så vilter vital og variert ho faldar seg ut, denne nye rikhaldige diktsamlinga til Knut Ødegård.» Og tre år før den kom Tida er inne, og då skreiv Vårt Lands kritikar Sindre Andersen at poeten skriv fram konkrete bilete «man ikke så lett glemmer, og skriver dikt som griper rett inn i livsmysteriene vi daglig tar del i». Aftenpostens Henning Howlid Wærp la til om denne poeten: «Det er på tide å betrakte ham som en av våre fremste poeter.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement