Når blir snudd på hovudetSamfunnsøkonomiOlav Hauge I Dag og Tid 31. august bruker Jon Hustad bad til å visualisera poenga med ei bompengeordning. Slik får han fram at ordninga har ført til at politikarar har valt å satsa på ulønnsame vegprosjekt.

Publisert

I Dag og Tid 31. august bruker Jon Hustad oppussing av bad til å visualisera poenga med ei bompengeordning. Slik får han fram at ordninga har ført til at politikarar har valt å satsa på ulønnsame vegprosjekt.

Vi slår fast at det er urimeleg at familiar med små born skal betala titalstusen kroner for nye vegar. Til alt hell skaffa framsynte og kloke politikarar i Stockholm oss eit langt betre alternativ enn bompengar. I januar 2006 starta dei eit prøveprosjekt med «køprising» der bilistar berre betalte når dei køyrde i rushtida. I ei folkeavstemming i etterkant stemde meir enn halvparten for å gjera ordninga permanent. Frå august 2007 har byen hatt køprising, det har skaffa oss innsikt om korleis ei slik ordning fungerer. Den folkelege oppslutninga har gått oppover for kvart år køprisinga har fungert.

Samfunnsøkonomar vil at med knapp tilgang til eit gode, skal folk betala for å nytta eit slikt gode. For mange bilistar gjer at det er for lite kapasitet på vegen, krev privatbilistane for ein køpris. Då får dei vita at dei skaper kø så dei kan leggja om bilbruken og unngå å køyra inn i ein kø. Privatbilistar som køyrer i rushtida, undervurderer kostnadene og velter kostnadene over på andre. Køprisen korrigerer kostnadene og gjev privatbilisten full informasjon om kostnadene ved å køyra i rushtida.

Ein låg køpris på maksimalt 60 svenske kroner dagen reduserte biltrafikken «over natta» så trafikken flaut fritt. I staden la om lag kvar femte bilist om og køyrde når det var god plass på vegane inn og ut av byen. Sidan trafikken flaut fritt, gjekk bussane raskare, så også kollektivreisande kom raskare fram. Med køpris rettar ein saka opp att, bilistar betalar når det ikkje er nok plass til alle på vegane. Samfunnet tilbyr dei som køyrer utanfor rushtida ei gulrot: køyr gratis, for det er god plass på vegen. Dette understrekar Jon Hustad i artikkelen.

Men det sentrale var at folk i Stockholm oppdaga at dei kunne køyra i tomme gater også i rushtida. Rundt og i byar med køtrafikk ute i verda er det for mykje vegar som er lite brukte gjennom døgnet. Studiar over ein 20-årsperiode i USA stadfestar dessutan noko vi har visst om i 50 år: Byggjer vi endå fleire gratis vegar, veks køen meir og meir.

Vi trur at dei som køyrer i rushtida på Nord-Jæren, kan leva med å betala om lag 2000 kroner i månaden. Dei skal ikkje godta å betala kanskje 20 gonger meir for at privatbilistar får køyra gratis uansett når dei vil. For samfunnet er fleire vegar ulønnsame om bilistar berre vil betala 2000 kroner for endå fleire, fine vegar. Det er poenget til Morten Welde i Plan nr 4, 2017: altfor mange prioriterte prosjekt er ulønnsame.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement