Museet som batt seg til mastaVikinghistorieØystein Lydik Idsø VikenKulturhistorisk museum klinka nyleg til mot eit statsbudsjett utan pengar til nytt vikingtidsmuseum. Politikarane forstår ikkje alvoret, skreiv museumsdirektøren, vikingskipa kollapsar og «
I 2009 kom ein rapport som frårådde styresmaktene å byggja eit nytt Kulturhistorisk museum i Bjørvika. Osebergskipet og dei andre vikingskipa er framleis i museet på Bygdøy.
Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB scanpix
Kulturhistorisk museum klinka nyleg til mot eit statsbudsjett utan pengar til nytt vikingtidsmuseum. Politikarane forstår ikkje alvoret, skreiv museumsdirektøren, vikingskipa kollapsar og «gjenstandene brytes ubønnhørlig ned». Men korleis skal politikarar fatta eit alvor museet sjølv har oversett?
Vikingferdene gav Norden ei førande stilling i Nord-Europa og påverka historisk utvikling ute og heime. Avgjerande var båtteknologien, den beste i Europa. Med flat botn kunne skipa leggast til utan hamn, dragast over land og sikra rask tilbaketrekking. Dette er allmennkunnskap, og vi veit det gjennom studium av skip frå gravfunn i moderne tid. Vikingskipa er slik vesentlege historiske leivningar, noko Kulturhistorisk museum veit å marknadsføra: Vikingskiphuset rommar «Noregs kanskje viktigaste kulturarv». Til det kjem òg alle gjenstandane funne i gravene, som vogner, sledar og dei rikt utskorne drakehovuda.
Historisk er det slik opplagt svært store verdiar i vikingskipa, men òg økonomisk. Heile Kulturhistorisk museum er av dei mest vitja norske musea, med om lag 10 prosent av alle betalte besøk. I 2016 var det 590.000 betalande, noko som er 130.000 opp sidan 2014. Frå 2013 har inntektene stige med 143 prosent. I 2017 tente Kulturhistorisk museum 53 millionar kroner i billettsal, 14 millionar meir enn året før. Det meste av auken kom frå Vikingskiphuset.
Mange vitjande er cruiseturistar, dagens vikingar. Bussa rett frå vår tids invasjonsskip blir dei førte mot besøksfylkingen av eigne guidande merkesmenn. Ved langsiktig nedbryting ranar dei kulturarv, før dei trekkjer seg raskt tilbake. Utbyttet dei sit at med etter å ha blitt kjølhala gjennom museet, er derimot blanda (eit gjengangarspørsmål då eg jobba i entrékassa der, var «Where are the vikings today?»). Det er lita kunnskapsformidling i slik vitjing, om inntektene er store.
Men huset tek berre 40.000 vitjande, hevdar museet. Heller enn å stogga nedrenninga av dørene noko har leiinga difor kjempa for nytt museum i to tiår, dei tolv første åra under direktør Egil Mikkelsen, med sterk støtte frå rektor og styret ved Universitetet i Oslo. Museet skulle ligga i Bjørvika. Årsaka var enkel: Bjørvika ligg tett på der cruisebåtane legg til i Oslo, noko som ville smøra turistmaskineriet ytterlegare. Bygdøy ligg derimot for avsides, og det er for lite plass til turistbussar.
Striden for Bjørvika-museet fekk motbør då riksantikvar Jørn Holme freda sjølve bygget i 2009. Vikingskiphuset er nemleg teikna av Arnstein Arneberg og er ein arkitektonisk nasjonalskatt i seg sjølv. Men museumshersen Egil gav seg ikkje for antikvarjarlen Jørn, i tre år til slost han for flytting. Til slutt sette øvste drotten, kunnskapsminister Kristin Halvorsen, foten ned. Men då var Mikkelsen gått av, og den nye direktøren, Rane Willerslev, stemna ut med å kalla heile flytteiveren eit blindspor.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.