Munchs livsfilosofi
Gjennom Platon oppdaga Munch at han hadde skaparkraft sjølv om han ikkje leid.
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Edvard Munch var ein tenkande målar som måla filosofisk heile livet. Han seier sjølv at han måla livsgnisten, sjela og dei evige kreftene som mennesket er ein del av. Fleire har påpeika samanhengen mellom Munch og tenkarar som Nietzsche, Ibsen og Strindberg, men nærleiken til Platon er overraskande lite uttrykt. Eg har søkt gjennom forsking omkring Munch utan å finne nokon som vektlegg samanhengen mellom Platon og Munch.
Omkring 1909 skjer det ei livsfilosofisk endring i Edvard Munchs kunst. Då søker Munch lyset, slik han viser det i måleriet «Solen» (1911–1916), i motsetning til åra før, då han stira meir ned i mørket, slik «Pikene på broen» (1901) gjer det. Mi tese er at denne endringa har samanheng med Munchs oppdaging av Platons filosofi.
I eit brev frå 1909 skriv filosofen og venen Eberhard Grisebach at Munch er målarkunstens Nietzsche. Munch var inspirert av Nietzsche og uttalte at han må lide for å skape, men noko forandra seg. Frå venskapen med Grisebach blir Munch presentert for tankane til Platon. Jula og nyttåret 1910–1911 fortalte Munch inspirert om Platons filosofi, og Ludvig Ravensberg skriv i ei upublisert dagbok at Munchs filosofi er rein platonisme, og at Munch gleder seg naivt over å ha erkjent Platons filosofi før han høyrde eller las han. For Platon treng ikkje geniet å lide for å skape, men å søke det sanne og skjønne. Denne tenkinga gir lys og klarleik til geniets skaparkraft, i motsetning til Nietzsches dystre syn. Gjennom Platon oppdaga Munch at han hadde skaparkraft sjølv om han ikkje leid.
Det er særskilt to analogiar av Platon som inspirerer Munch: holelikninga og sjela som eit hestespann. Platon skriv at hestespannet består av to hestar og førar. Føraren er klokskapen eller visdomen som skal freiste å styre hestane på ein god måte. Dei to hestane representerer positive og negative drivkrefter som førar sjela framover. Målet er å skape eit velfungerande hestespann.
Hestar og hestespannet viser Munch i fleire skisser og måleri. Eit døme er «Pløyende hester» (1929).
Måleriet er påfallande likt Platons skildring av menneskets sjel. I bokmålsutgåva frå 2001 skildrar Platon hestane slik: «Den hest [kvit] som er i skjønn forfatning, er rett av statur og velproporsjonert, med høy nakke, krummet muleparti, lys let og svarte øyne; den elsker ære – sammen med besindighet og blygsel – er en venn av sann formodning og drives uten slag ved tilrop og resonnerende ord alene. Den annen [svart] derimot er skakk og plump og vilkårlig føyet sammen, med hård nakke, kort hals og stumpneset oppsyn, svart med lyse øyne, blodunderløpen, en frekkhetens og skrytets venn, håret rundt øynene, døv; for pisk og sporer viker den bare så vidt.» (253c-e)
Eg oppdaga denne samanhengen då eg trong eit bilete av eit hestespann til ein presentasjon av Platons forståing av sjela. Arne Eggum (1936–d.d.) anar at Platons skildring kan vere eit utgangspunkt for hestemotiva til Munch, men temaet blir ikkje utforska i seinare arbeid. I arbeidet med å undersøke tesa mi har eg hatt stor glede av at Munchs skisser og teikningar er digitaliserte. Dette har gitt meg tilgang på eit rikt materiell der samanhengen kjem tydelegare fram. Munch skriv mellom anna at han har lese Platon, og at det var ei openberring.
Munchs erkjenning av holelikninga handlar om å vise at det finst ei djupare og universell sanning som må eksistere for at alt anna skal kunne erkjennast. Munch meiner at mennesket må bryte lenkene og søke ut av hola og mot sola og dei universelle ideane for å skape det evige og skjønne. Eit døme på dette er at Munch teiknar Ibsen med brotne lenker. Geniet er mennesket som kan overskride den kulturelle tidsånda og uttrykke det evige. Denne kulturelle overskridinga kan føre til at kunstnaren ikkje vert anerkjend i samtida si, noko både Ibsen og Munch kjende på.
I måleriet «Forskerne» (1911/1925–27), eit utkast til Auladekorasjonane, er det ein guteflokk til venstre som utgjer ein holevegg som skyggar for sola, og som gjer at guten som ligg nede, kan studere det som er i sanden. Dette symboliserer naturforskaren som lever i hola. I eit skisseutkast er det teikna inn eit kranium som den liggande guten studerer. Medan Munch søker mot sola, livet og dei evige kreftene, arbeider vitskapsmannen med det som er dødt. Eit døme på dette er naturvitaren professor Brøgger som uttala seg negativt om Munchs aulautkast. Munch svarer at Brøgger ikkje forstod måleriet hans fordi solstrålane ikkje når fram til han, på same vis som for guten i sanden. Mi tolking av Munchs måleri er at vitskapleg arbeid gjer det levande om til døde erkjenningar og får mennesket til å fortape seg i hola utan å søke mot sola og livet.
Ein del av kunstteorien er kritisk til slike filosofiske tolkingar av Munchs arbeid. Mange er opptatte av å la måleria vere ei oppleving i seg sjølve. Til dømes skreiv den kjende kunstkritikaren Ragna Stang (1909–1978) at Munch frir seg frå all filosofisk arv frå og med Aulautstillinga og dei nyare naturmåleria.
For meg er dette feil. Munch kan aldri sleppe livsfilosofien sin. Måleria er eit uttrykk for hans sjel, og livsfilosofien er ein del av hans sjel. Munch er ikkje guten i «Forskerne», som ligg i sanden og studerer det døde medan ein vegg av andre skjuler for sola. Munch er som dei forskande personane i bakgrunnen av måleriet som ser mot sola, mot horisonten og det evige. Han vil fri seg frå dei kulturelle lenkene og vise at alt i universet heng saman, og at det er liv i alt. Det er dette som trer klarare fram i måleria hans etter 1909 – at mennesket er i slekt med jorda, med vinden og kvite sky.