Morgon på stølenDiktHalldis Aalvik ThuneHønefossDei fyrste ljosstrimene når meg gjenom det vesle vindauga, og bryt natta og svevnen.

Publisert Sist oppdatert

Dei fyrste ljosstrimene når meg gjenom det vesle vindauga, og bryt natta og svevnen.

Ljodlaust, som då den siste ljosken ifrå soli sugla den seine kveldstimen, stiltrar ho seg over golvet mot meg.

Kvass og klår kjennest morgonlufti som kjøler det varme andletet mitt etter svevnen sitt tunge tak.

Det vaknar ikring meg. Kopp og skål, fat og kniv, krukke og spann, krakk og bord, sko og klede, skåp og hylle, dør og blåmåla karm.

Alt er i denne morgonstundi.

Granne strekar teiknar soli på veggen der ho møter florlett spindelvev i innste kroa, slik ho samstundes teiknar av ei sumarlett stølsgardin mot den skakke glaskarmen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement