Modig biskop i Ortega-diktaturet

Biskop Rolando Álvarez Lago.
Biskop Rolando Álvarez Lago.Biskop Rolando Álvarez Lago.
Publisert

Nicaragua, som var utstillingsvindauga for venstresida, er i dag eit diktatur, styrt av den gamle frigjeringshelten Daniel Ortega og kona Rosario Murillo. Den modigaste kritikaren er ein biskop med ein dom på 26 års fengsel.

Store folkelege demonstrasjonar i 2018 vart møtte med brutal makt. Men no var ikkje den gamle frigjeringshelten Ortega folkets mann, men forsvarar av eiga makt. Angrepa på sivilsamfunnet er seinare blitt trappa opp.

Sist ut i møte med jernneven er den katolske kyrkja. Ortega skulda kyrkja for å ha prøvd å styrta han då dei fungerte som meklarar med protestgrupper under uroa.

Kampen mot kyrkja blei trappa kraftig opp i august i fjor. Regimet arresterte prestar. Biskop Rolando Álvarez Lago blei sett i husarrest etter ein brutal aksjon mot bispesetet. Regjeringa har stengt katolske radio- og TV-stasjonar, beslaglagt eigedomar og kansellert statusen til eit katolsk universitet og katolske hjelpeorganisasjonar. Journalisten Victor Ticay blei arrestert for å ha spelt inn ei forboden påskefeiring og lagt opptaket på nettet.

Fleire prestar, prestestudentar og lekfolk er i år funne skuldige i «konspirasjon mot staten» og «spreiing av falske nyhende» som, ifølgje dommarane, skadar staten. Den 9. februar i år sette Ortega fri 222 politiske fangar, som han så deporterte til USA, etter forhandlingar med Washington. Fleire prestar var blant dei 222. Ortega kallar dei landsforrædarar.

Biskop Rolando Álvarez nekta å bli deportert og blei flytta til eit fengsel som nicaraguanske aktivistar kallar eit tortursenter. Han er funnen skuldig i «konspirasjon» og «spreiing av falsk informasjon». Dommen lydde på absurde 26 års fengsel. Han og dei deporterte er ribba for nasjonale og sivile rettar på livstid.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement