Medisin

Misvisande om elektrosjokk

Elektrisk stimulering av hjernen utløyser eit kortvarig krampeanfall.
Publisert

I førre nummer av Dag og Tid hadde Knut-Jørgen Plesner ein kommentar til artikkelen min om at « Elektrosjokk bergar liv ». Plesner siterer to nye artiklar av professor John Read og medarbeidarar. Dei fann at det var vanleg med dårleg livskvalitet, hjarteproblem, emosjonell avstumping og hovudverk etter gjennomgått elektrosjokk. På bakgrunn av desse og andre funn krev Read at all klinisk bruk av ECT må opphøyra medan me ventar på ny og betre forsking.

Dei to artiklane byggjer på ei global rundspørjing via e-post og sosiale medium. I 2024 fekk Read inn svar frå 1144 pasientar og pårørande på i alt 25 spørsmål om tilstanden etter gjennomgått elektrosjokk. Den aktuelle ECT-behandlinga hadde føregått i perioden 1958–2024 i 44 ulike land og med varierande teknikkar – medan rundspørjinga altså vart gjord opptil 66 år etter ECT. Read har såleis valt ut, langt frå tilfeldig, om lag 0,01 prosent av dei mange millionane som fekk ECT i perioden. Ein slik forskingsmetodikk er neppe eigna til å framskaffa brukande informasjon om noko som helst og kan iallfall ikkje kallast vitskapleg.

Det mest problematiske er likevel at forskingsleiaren John Read også er ein kjend ECT-motstandar og stod som avsendar av spørjeskjemaet.

Dersom Read verkeleg var på leit etter representative svar, kunne han lett ha funne dei i nasjonale kvalitetsregister, til dømes i det svenske, der dekningsgraden er på 95 prosent. Registeret viser mellom anna at 17 prosent hugsa dårlegare seks månader etter ECT, medan dei resterande hadde betre eller uendra hugs. I Reads materiale var det heile 80 prosent som rapporterte om dårlegare minnefunksjon, svært langvarig hjå dei fleste.

Der norske registerdata viser subjektiv betring hjå 85 prosent, slår Read fast at berre 45 prosent vart betre etter ECT. Read konstaterte forverring hjå så mange som 36 prosent, medan berre 2,4 prosent av dei norske pasientane opplevde det slik.

Alt i alt gjev dei to artiklane eit misvisande bilete av pasientopplevingar etter moderne ECT-behandling.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement