Klima
Misvisande klimasvar
I Dag og Tid 25. april har Per Anders Todal ein kommentar om Noregs klimapolitikk, og Øystein Sjølie syner at tog ikkje betrar klimaet. Båe har rett, men det er òg feil i framstillingane.
Noregs offisielle klimasvar er tufta på «politiske sanningar» som ikkje samsvarer med naturens måte å reagere på. Det gjeld statistikken, men i større grad tiltaka Noreg set i verk. Eg vil greie ut om dei fire viktigaste feila i det regjeringa hevdar:
1. Elektrisitet er utsleppsfritt
Regjeringa meiner elektrisitet er utsleppsfritt. Men vi kan ikkje hente elektrisitet i naturen. Vi må lage han av fornybare kjelder eller gass og kol. Noreg er knytt til den nordeuropeiske straummarknaden. Sjølie nemner dette på korrekt måte. Det enklaste er å nytte snittutsleppa for denne marknaden, som er på om lag halvdelen av kol, tilsvarande utslepp frå gasskraftverk. Men i røynda endrar straumprodusentane andelen straum frå kol. Ein korrekt analyse vil vise store utslepp ved straumproduksjon.
2. Biodrivstoff er klimavenleg
Todal viser til at avansert biodrivstoff har best klimaeffekt, men at det er mangel på slikt drivstoff. Problemet er større. Mykje av primærenergien går tapt i framstilling av biodrivstoff. Vanleg effektivitet er om lag 30 prosent. Moderne dieselmotorar har effektivitet i overkant av 35 prosent. Alt biodrivstoff er kontraproduktivt; det blir mindre utslepp med diesel enn med biodrivstoff.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.