Misoppfatta rolla til VibroRettingOddrun MidtbøSogndalEg beklagar at eg misoppfatta rolla til organisasjonen Vibro i kommentaren med tittelen «Utnytting av ung arbeidskraft» som stod på trykk i Dag og Tid 27. april.
Eg beklagar at eg misoppfatta rolla til organisasjonen Vibro i kommentaren med tittelen «Utnytting av ung arbeidskraft» som stod på trykk i Dag og Tid 27. april.
Ut frå nettsida med tittelen «VIBRO. Traineestilling i et av Norges største statlig eide selskap» oppfatta eg at organisasjon profilerte seg som eit statleg eigd selskap. I ettertid har eg forstått at Vibro har støtte og samarbeid med dei største statlege selskapa i Noreg, og arbeider for å kople trainees til desse selskapa. Dei vurderer ikkje seg sjølve som eit kommersielt selskap.
Intensjonen til dei unge menneska bak organisasjonen er god: «(...) avdekke samfunnsproblem knytta til unge menneske, bryte ned barrierer og bidra til å styrke kompetansen for unge».
Eg er ikkje ute etter å gjere det vanskeleg for Vibro, men å rette søkjelyset mot ei utvikling i norsk arbeidsliv der unge, nyutdanna blir inviterte til å søkje på stillingar utan løn. Det bør ikkje kallast jobbstillingar med kontrakt, men gratisarbeid.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.