I artikkelen «Kor lenge skal vi leite» i Dag og Tid sist veke presenterte eg eit svært grovt reknestykke for å illustrere lønsemda i å leite etter olje og gass på norsk sokkel.
Dessverre var ikkje reknestykket berre grovt, det vart grovt misvisande, og det fekk leiteboringa til å sjå langt meir lukrativ ut for staten enn ho er.
Her kjem eit forsøk på oppklaring: I fjor utgjorde dei nyoppdaga utvinnbare ressursane på norsk sokkel omtrent 77 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar – eller 485 millionar fat. «Oljeekvivalentar» vil seie at olje og gass er rekna saman til ei eining.
Eg skreiv at bruttoverdien av dette, om alt blir utvunne, er over 300 milliardar kroner. Men oljeekvivalentar er ei felles eining for energiinnhaldet i olje og gass, ikkje for verdien. Og olje er langt meir verdifullt enn gass, dermed kom reknestykket skeivt ut frå start.
Med profesjonell hjelp frå forvaltar Ole André Hagen i Firstfondene kjem her ei langt meir realistisk utrekning. Omtrent 60 prosent av dei oppdaga ressursane i fjor var olje og 40 prosent var gass. Om vi så legg dagens olje- og gassprisar til grunn og trekkjer frå normale utvinnings- og kapitalkostnader på til saman 25 dollar fatet, blir salsverdien av funna i 2020 140 milliardar kroner.
Men det stoggar ikkje der. For det er svært usannsynleg at alle dei utvinnbare ressursane som var funne i fjor, kjem til å bli henta opp. Historikken frå dei siste ti åra fortel at oljeselskapa normalt vel å investere i utbygging av kring ein tredjedel av dei nye funna, opplyser Hagen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.