Metafysikk lever i beste velgåande
I Dag og Tid fredag 25. juni skreiv stipendiat i filosofi ved Universitetet i Oxford, Åsne Dorthea Grøgaard, eit lesarbrev som vekte mi interesse. Under tittelen «Gode tider for metafysikk» går ho i rette med professor emeritus i filosofi, Arild Pedersen si bokmelding i Dag og Tid fredag 18. juni.
Ho må gni seg i auga når ho les «i dag er metafysikk heilt utan praktiske konsekvensar». Etter at ho med godt belegg argumenterer mot ein slik påstand, avsluttar ho med at om vi føretrekker å la oss påverka av idear vi har tenkt igjennom, «bør vi ta metafysikk på alvor».
Etter å ha lese dette gjekk tankane mine til ein annan filosof som for om lag hundre år sidan verka ved Universitet i Oxford. Filosofen Georg Santayana. I boka som blei rekna som Santayanas meisterverk, Reason in Religion (1913), kjem han fram til ei truande vantru som gjer at han framleis i katolisismens skjønnheit finn grunn til å elska han, mens han foraktar «den opplysning som er felles for unge skjemtegaukar og orm-etne gamle satirikarar, som skryter av å ha oppdaga religionens vitskapelege manglar i bevis – noko som den blindaste har eit glimt av – men som ikkje undersøker dei tenkjevaner dette innhald sprang fram av, deira opprinnelege meining og deira sanne funksjon».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.