Mest bokmål i nynorskelevane sine tekstsamlingar
I eit debattinnlegg i Dag og Tid 18. juni løftar lektor Espen Tørset fram ei sentral problemstilling om nynorskelevane sine læremiddel i norskfaget: Han skriv at det er altfor få nynorske tekstar jamført med tekstar på bokmål i tekstsamlingane til lærebøkene i norsk for vidaregåande skule. Ei masteroppgåve eg fullførte våren 2021, viser at denne skeivfordelinga også gjeld dei nynorske læreverka i norsk for ungdomstrinnet. Bokmålsdominansen i tekstsamlingane fører også til at nynorskelevane les fleire tekstar på bokmål enn nynorsk i norskfaget i ungdomsskulen.
Utdanningsdirektoratet har utarbeidd ei rettleiing for kvalitetskriterium for læremiddel i norskfaget. I denne rettleiinga legg dei vekt på at barn som skal lære å lese og skrive, treng tilgang til tekstar på eige språk. Dei presiserer at bokmålselevane møter skriftspråket sitt nok til å lage seg hypotesar om korleis dei skal skrive bokmål, og at situasjonen er annleis for nynorskelevane: «Elevar som skal lære å lese og skrive nynorsk, må få sjå mange tekstar på nynorsk.» Denne ordlyden kan ein tolke som at nynorskelevane sine tekstsamlingar må ha flest tekstar på nynorsk.
I praksis er det ikkje slik verken for ungdomsskulen eller den vidaregåande skulen. Også i ungdomsskulen er det meir bokmål enn nynorsk i nynorskelevane sine tekstsamlingar, og denne fordelinga ser ut til å påverke kva målform det er på tekstane elevane les i skulen. I masteroppgåva har eg kartlagt tekstar på nynorsk jamført med bokmål i tekstsamlingane til læreverka Kontekst 8–10 og Fabel 8–10 for nynorskelevar i ungdomsskulen. Eg har også granska språkleg fordeling av tekstutvalet i faglærarrapportar i norsk på 10. trinn ved nynorskskular som har brukt desse læreverka, noko som gir oss eit bilete av kva tekstar elevane les i skulen. Tekstutvalet i læreverka eg granska, hadde gjennomsnittleg 34 prosent tekstar på nynorsk og 66 prosent på bokmål. Eg fann nesten den same språklege fordelinga, 30 prosent nynorsk og 70 prosent bokmål, i tekstutvalet (leselistene) i faglærarrapportane i granskinga.
Samtalar med forlaga viste at forlaga har stor tillit til lærarane som forvaltarar av læreplanen. Dei legg vekt på at det er læreplanen og ikkje tekstsamlingane som skal vere styrande for kva elevane skal lese for å nå kompetansemåla. Innlegget til Espen Tørset problematiserer denne påstanden: «Jo visst er vi lærarar flinke til å bruke andre kjelder når vi skal finne gode tekstar, men da er jo noko av poenget med å bruke mykje pengar på ei ny lærebok borte.» Granskinga mi viser også at lærarar i ungdomsskulen hentar nesten alle tekstane frå tekstsamlingane, dei brukar ikkje så mange andre kjelder. Sjølv om ukritisk bruk av tekstsamlingane verken er i samsvar med måla i læreplanen eller med intensjonane til forlaga, kan det sjå ut som om lærarar har tillit til at det tekstlege utvalet i bøkene er tilpassa nynorskelevane, og det meiner eg forlaga må ta konsekvensane av.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.