JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Mest bokmål i nynorskelevane
sine tekstsamlingar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3713
20210625
3713
20210625

Utdanning

I eit debattinnlegg i Dag og Tid 18. juni løftar lektor Espen Tørset fram ei sentral problemstilling om nynorskelevane sine læremiddel i norskfaget: Han skriv at det er altfor få nynorske tekstar jamført med tekstar på bokmål i tekstsamlingane til lærebøkene i norsk for vidaregåande skule. Ei masteroppgåve eg fullførte våren 2021, viser at denne skeivfordelinga også gjeld dei nynorske læreverka i norsk for ungdomstrinnet. Bokmålsdominansen i tekstsamlingane fører også til at nynorskelevane les fleire tekstar på bokmål enn nynorsk i norskfaget i ungdomsskulen.

Utdanningsdirektoratet har utarbeidd ei rettleiing for kvalitetskriterium for læremiddel i norskfaget. I denne rettleiinga legg dei vekt på at barn som skal lære å lese og skrive, treng tilgang til tekstar på eige språk. Dei presiserer at bokmålselevane møter skriftspråket sitt nok til å lage seg hypotesar om korleis dei skal skrive bokmål, og at situasjonen er annleis for nynorskelevane: «Elevar som skal lære å lese og skrive nynorsk, må få sjå mange tekstar på nynorsk.» Denne ordlyden kan ein tolke som at nynorskelevane sine tekstsamlingar må ha flest tekstar på nynorsk.

I praksis er det ikkje slik verken for ungdomsskulen eller den vidaregåande skulen. Også i ungdomsskulen er det meir bokmål enn nynorsk i nynorskelevane sine tekstsamlingar, og denne fordelinga ser ut til å påverke kva målform det er på tekstane elevane les i skulen. I masteroppgåva har eg kartlagt tekstar på nynorsk jamført med bokmål i tekstsamlingane til læreverka Kontekst 8–10 og Fabel 8–10 for nynorskelevar i ungdomsskulen. Eg har også granska språkleg fordeling av tekstutvalet i faglærarrapportar i norsk på 10. trinn ved nynorskskular som har brukt desse læreverka, noko som gir oss eit bilete av kva tekstar elevane les i skulen. Tekstutvalet i læreverka eg granska, hadde gjennomsnittleg 34 prosent tekstar på nynorsk og 66 prosent på bokmål. Eg fann nesten den same språklege fordelinga, 30 prosent nynorsk og 70 prosent bokmål, i tekstutvalet (leselistene) i faglærarrapportane i granskinga.

Samtalar med forlaga viste at forlaga har stor tillit til lærarane som forvaltarar av læreplanen. Dei legg vekt på at det er læreplanen og ikkje tekstsamlingane som skal vere styrande for kva elevane skal lese for å nå kompetansemåla. Innlegget til Espen Tørset problematiserer denne påstanden: «Jo visst er vi lærarar flinke til å bruke andre kjelder når vi skal finne gode tekstar, men da er jo noko av poenget med å bruke mykje pengar på ei ny lærebok borte.» Granskinga mi viser også at lærarar i ungdomsskulen hentar nesten alle tekstane frå tekstsamlingane, dei brukar ikkje så mange andre kjelder. Sjølv om ukritisk bruk av tekstsamlingane verken er i samsvar med måla i læreplanen eller med intensjonane til forlaga, kan det sjå ut som om lærarar har tillit til at det tekstlege utvalet i bøkene er tilpassa nynorskelevane, og det meiner eg forlaga må ta konsekvensane av.

Observasjonane og hjartesukket til Tørset om tekstsamlingane i vidaregåande, og granskinga mi av tekstsamlingar i ungdomsskulen bør vere eit varsel til både forlag som lagar bøkene, og for opplæringspolitikken som har ansvar for kvalitetskriterium for læremiddel. Elevane med nynorsk som hovudmål har i praksis ikkje den tilgangen til tekstar på eige språk som dei treng og har krav på i norskfaget. I samband med ny læreplan, nye lærebøker, ny opplæringslov og auka bruk av digitale læringsressursar i skulen treng vi tydelegare føringar, forskrifter og lover om nynorskelevane sine språklege rettar enn det vi har i skulen i dag. Då kan det bli både lettare og kjekkare å vere nynorskelev.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis