Jordbruk
Mellom robot og bondevett
Sjølv dei som blir kalla frittgåande høner, kan ha tronge, teknologistyrte kår.
Foto: Marit Hommedal / NTB
Kva jordbruk vil vi ha?
Vi likar å tru at dyra i Noreg går fritt på grøne bakkar, at landskapet er ope og levande, og at maten kjem frå bønder som kjenner både dyr og jord.
Det er slik bileta på mjølkekartongen ser ut. Men kva skjer når politikken bak desse bileta endrar seg?
Garden du ser frå bilvindauget, kan vere den siste i dalen som held beite i hevd. «Frittgåande» høner kan i røynda ha tilgang til åtte kvadratmeter grus. Og landbrukspolitikken premierer stadig oftare volum og fabrikkløysingar, heller enn levande landskap og nærleik.
Kven lagar eigentleg bileta? Vi har vorte vane med reklame der alt ser grønt og fritt ut. Men dyra sitt liv handlar ikkje om reklame, det handlar om omsorg, dagleg kontakt og klokskap. Mekanisering og teknologi kan gi betre arbeidskvardagar – men dei kan òg flytte bonden lenger bort frå dyret.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.