Meir politi i gata er ikkje løysinga
Nina Riibe er administerande direktør Econa.
Foto: Ronja Sagstuen
Svein Gjerdåker stiller eit godt spørsmål i Dag og Tids leiar «Reell politisatsing» 11. oktober. Ei reell politisatsing bør bygga politiet til ein organisasjon som hindrar kriminalitet og ikkje berre spring etter kriminaliteten.
Økonomisk kriminalitet har auka i omfang. Pengar er rota til mykje av gatekriminaliteten. I praksis er politiet meir eller mindre makteslause til å etterforska og derfor stogga økonomisk kriminalitet. Kunnskapen i politiet og organiseringa av arbeidet er grunnar for at det er slik.
Politietterforsking blir stort sett gjord av dei med utdanning frå Politihøgskolen og politijuristar. Problemet er at for å forfylgja økonomisk kriminalitet trengs økonomisk og digital kunnskap. Det er ikkje spesialområda for politiutdanna eller juristar. At rett kompetanse er viktig, er heldigvis ikkje nytt for Stortinget. I Stortingsmelding 15 (2023–24): «Hvem som jobber med bekjempelse av økonomisk kriminalitet og hvilken kompetanse de har, betyr mye for om innsatsen gir uttelling.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.