Meir om latin i engelskSPRÅKVIBEKE HILDE SEJERSTEDOSLOPer Velde har eit innlegg i avisa 15. desember med tittelen «Om latin i engelsk». Dette er ein kommentar til eit tidlegare intervju med underteikna om vår nye bok

Publisert

Per Velde har eit innlegg i avisa 15. desember med tittelen «Om latin i engelsk». Dette er ein kommentar til eit tidlegare intervju med underteikna om vår nye bok Litt latin: Romerriket falt for 1500 år siden, men latinen lever! Vi er glade for at boka vekker debatt og interesse frå første stund, og vil gjerne svare.

Romarane sa som kjent Britannia. Kan ein likevel seie England før anglarane kom til øyriket og gav det namnet sitt? Sant nok, det er anakronistisk, men ikkje heilt gale heller, etter vår meining, når ein gir ei stutt framstilling.

Og korleis kunne romarane ha nokon varig språkleg påverknad på engelsk? Urinnbyggarane sitt språk var jo ikkje engelsk, men keltisk, og det var ikkje mykje latin som kom inn i engelsk gjennom keltisk. Det kan vi ikkje seie imot, men ein viss påverknad var der. Til dømes kan vi sjå spor av romerske militærleirar (castra) i stadnamn som Manchester, Leicester og Lancaster, og i namn som Gatwick og Norwich finn vi att det latinske ordet vicus, som tyder landsby. Ord som pound, mile, wine, cook og kitchen lever òg frå den tida.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement