Meir enn engelsk

Publisert Sist oppdatert

Mange stader rundt om i verda er foreldre opptekne av at ungane deira skal læra seg engelsk, som dei ser på som innfallsporten til høgre studium og godt betalt arbeid.

Somme meiner at det eksisterer ein internasjonal lobby som arbeider for å fremja engelsk i kommunikasjon mellom personar, bedrifter, internasjonale organisasjonar og land. Også her til lands kan ein merka ein sterk tendens i retning av at til dømes forsking og undervisning på høgre utdanningsinstitusjonar skal gå føre seg på engelsk.

Hadde språk ikkje vore anna enn effektiv kommunikasjon, ville dei store verdsspråka hatt lett spel. Men verdsspråk kjem og går, og små språk kan overleva. Trass i undertrykking og sensur held folk fram med å snakka sine språk, slik tilfellet var med baskisk, galisisk og katalansk under Franco-diktaturet (1939–1975) i Spania.

I fleire hundreår har katalansk profilert seg i høve til spansk, og i alle fall frå 1800-talet av har Barcelona vore inngangsport for modernitet, i motsetnad til eit Madrid, som har skoda bakover til Spania si stordomstid frå 1500-talet. Katalansk blei språket til ein moderne region samstundes som det stod fram som uttrykksforma til det motkulturelle i høve til maktspråket spansk med hovudsete i Madrid. Tilhøvet mellom spansk makt og katalansk motkultur minner faktisk om det tilsvarande i vårt eige land mellom maktmålet bokmål og det motkulturelle nynorsk.

I fleire periodar har katalansk vore språket til den katalanske eliten, noko som gjorde at mange spansktalande immigrantar ville at ungane deira lærte seg katalansk, slik at dei kunne stiga sosialt og bli integrerte i den katalanske kulturelle og sosioøkonomiske eliten. Noko liknande har ein kunna observera i den kanadiske provinsen Quebec, der fransk alt lenge har vore elitespråket, tilmed for dei med engelsk som morsmål.

Urfolksspråket guaraní er majoritetsspråk i Paraguay, men blir like fullt handsama som eit minoritetsspråk i høve til spansk. Guaraní er òg eit døme på at det kan vera viktig å kunna anna enn maktspråk. Då fugleinfluensaen kom til Paraguay var det om å gjera å få ut informasjon på urfolksspråket til alle dei som berre meistra dette språket. «For oss er guaraní eit spørsmål om menneskerettar og ikkje berre identitet», seier språkaktivistar i Paraguay. Som med guaraní, er det med mange andre regional- og minoritetsspråk rundt om i verda.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement