JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Meir enn engelsk

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3539
20230929
3539
20230929

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Språk

Mange stader rundt om i verda er foreldre opptekne av at ungane deira skal læra seg engelsk, som dei ser på som innfallsporten til høgre studium og godt betalt arbeid.

Somme meiner at det eksisterer ein internasjonal lobby som arbeider for å fremja engelsk i kommunikasjon mellom personar, bedrifter, internasjonale organisasjonar og land. Også her til lands kan ein merka ein sterk tendens i retning av at til dømes forsking og undervisning på høgre utdanningsinstitusjonar skal gå føre seg på engelsk.

Hadde språk ikkje vore anna enn effektiv kommunikasjon, ville dei store verdsspråka hatt lett spel. Men verdsspråk kjem og går, og små språk kan overleva. Trass i undertrykking og sensur held folk fram med å snakka sine språk, slik tilfellet var med baskisk, galisisk og katalansk under Franco-diktaturet (1939–1975) i Spania.

I fleire hundreår har katalansk profilert seg i høve til spansk, og i alle fall frå 1800-talet av har Barcelona vore inngangsport for modernitet, i motsetnad til eit Madrid, som har skoda bakover til Spania si stordomstid frå 1500-talet. Katalansk blei språket til ein moderne region samstundes som det stod fram som uttrykksforma til det motkulturelle i høve til maktspråket spansk med hovudsete i Madrid. Tilhøvet mellom spansk makt og katalansk motkultur minner faktisk om det tilsvarande i vårt eige land mellom maktmålet bokmål og det motkulturelle nynorsk.

I fleire periodar har katalansk vore språket til den katalanske eliten, noko som gjorde at mange spansktalande immigrantar ville at ungane deira lærte seg katalansk, slik at dei kunne stiga sosialt og bli integrerte i den katalanske kulturelle og sosioøkonomiske eliten. Noko liknande har ein kunna observera i den kanadiske provinsen Quebec, der fransk alt lenge har vore elitespråket, tilmed for dei med engelsk som morsmål.

Urfolksspråket guaraní er majoritetsspråk i Paraguay, men blir like fullt handsama som eit minoritetsspråk i høve til spansk. Guaraní er òg eit døme på at det kan vera viktig å kunna anna enn maktspråk. Då fugleinfluensaen kom til Paraguay var det om å gjera å få ut informasjon på urfolksspråket til alle dei som berre meistra dette språket. «For oss er guaraní eit spørsmål om menneskerettar og ikkje berre identitet», seier språkaktivistar i Paraguay. Som med guaraní, er det med mange andre regional- og minoritetsspråk rundt om i verda.

Det finst òg viktige ting vi kan læra av andre språk. I Sør-Amerika snakkar ein om Pacha Mama, «moder jord» eller òg «moder univers». «Det som skjer med jorda, det skjer med oss», seier dei. Ein kan ikkje anna enn undrast over slike utsegner når ein opplever dei øydeleggingane som menneske, spesielt i Vesten, har påført natur og klima, øydeleggingar som har fått stadig fleire til å søka etter løysingar på den globale klimakrisa. I våre dagar, der ein tenderer mot det einsformige, treng vi slike språk og røyster, som aktualiserer andre og for oss nye oppfatningar av menneske, natur og univers.

Når urfolksgrupper frå Andesfjella set opp dramatiseringar av spanjolane si erobring av kontinentet, har dei ein spesiell variant av conquistadorane si rolle: Dei rører leppene, men det kjem ikkje fram ein lyd. Dette tyder at urfolket ikkje forstod det europearane sa. I dag er det vi som ikkje forstår.

Oppsummert har språk i alle fall desse funksjonane: som kommunikasjonsmiddel, som identitetsmarkør, som menneskerett og som middel til å forstå andre oppfatningar av liv.

Johannes A. Nymark er første­amanuensis emeritus ved NHH.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis