Meiningslause bodskapar
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Krig
Utanfor kyrkja i Bergsdalen står det eit minnestein over Tor Kyrkjeteig. Han fall i kampane i Valdres i april i 1940.
I bygdeboka for Bergsdalen står det på side 317:
«For Tor Kyrkjeteig ble kampen i Valdres sluttstreken for hans liv. Tor var ordonnans for bataljonsstaben og var stadig på farten med meldinger til avdelingene. Det var utsatte oppdrag, for små tyske patruljer opererte ofte bak de norske linjene og tyskerne var raske på avtrekkeren. En kveld Tor kom inn etter endt oppdrag, lå det en viktig melding som måtte ut straks. Soldaten som egentlig skulle løpe med den, sov tungt i soveposen. Tor sa da at de ikke trengte vekke mannen. Siden han nå var i farten, skulle han ta den siste meldingen også.
Ikke langt fra hovedkvarteret dukket det så opp en tysk patrulje. Tor ropte at de skulle overgi seg og siktet på dem med karabinen sin. Men svaret var en serie skudd fra automatvåpen og Tor ble truffet i brystet.»
Artikkelen om krigen i Bergsdalen er skriven av Frithjof Sælen.
Foreldra til Tor Kyrkjeteig var Brita f. Rødland og Torgeir Kyrkjeteig. Torgeir Kyrkjeteig var fødd i Granvin i 1877 og vart i 1910 gift med Brita på Rødland, den øvste garden i Bergsdalen. Garden Rødland ligg 550 meter over havet berre få kilometer frå Hamlagrøvatnet.
Torgeir Kyrkjeteig voks opp på husmannsplassen Kyrkjeteigen på Espelandsdalen, i luftline mindre enn ein kilometer frå staden der eg sjølv voks opp.
Torgeir Kyrkjeteig var ein særs dugande mann, og sprek var han òg, kunne grannen heime, Gamle-Knut, fortelja. Dei var forresten syskenborn. Utan vanskar kleiv Torgeir til topps i flaggstenger.
Torgeir Kyrkjeteig var oppsynsmann då dei bygde Fyksesundbrui. I samband med opninga av brua i 1937 fekk han Kongens fortenestmedalje av kronprins Olav, og det var då Torgeir Kyrkjeteig sa til kronprins Olav: Du får no ha så mykje takk, då, og så får du helsa takk til han far din.
I 1935 var Tor Kyrkjeteig avgangselev på Voss gymnas, og i 1940 var han student på Noregs tekniske høgskule i Trondheim.
26 år gamal fall han så i kampane i Valdres.
Ubedne gjester tok livet av han, og eg undrast på korleis foreldra Brita og Torgeir tok imot meldinga om sonen som hadde falle i striden.
24. februar kom det ubedne gjester til Ukraina. Eg vil tru at i Ukraina er det mange foreldre som får den same bodskapen som Brita og Torgeir Kyrkjeteig fekk i april i 1940: Heilt meiningslause bodskapar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Pasta med traktkantarellar, fløyte og parmesan.
Foto: Dagfinn Nordbø
Skogens gull
Eg er så heldig å ha vener med hytte, og dei forsyner meg med alt eg orkar av godsaker som veks på bakken.
Faksimile frå Chess Review 1953. Burger sit med dei svarte brikkene og introduserer ein «cheapo».
Foto: Edward Winters chesshistory.com
Frå sjakkverda: Burger med cheapo utan salami
Gravferd for Hizbollah-kommandantane Ibrahim Qubaisi og Hussein Ezzedine, som mista livet i eit bombeåtak i det sørlege Beirut 25. september. Dei siste vekene har ei rekkje leiarar i Hizbollah-rørsla blitt drepne av Israel.
Foto: Louisa Gouliamaki / Reuters / NTB
Ei god tid for martyrar
Hizbollah vart skapt av den israelske invasjonen av Libanon i 1982.
Kan Israel knekke denne rørsla gjennom ein ny krig?
Foto: NTB
«Epla figurerer i mange av Hauge sine dikt»
Den polske presidenten Andrzej Duda vitja messa i kyrkja The National Shrine of Our Lady of Czestochowa i Doylestown i Pennsylvania 22. september 2024.
Foto: Ryan Collerd / AFP / NTB
Kandidatane frir til polakkar i USA
BUCKS COUNTY: Kanskje er det polsk-amerikanarar i Pennsylvania som kjem til å avgjere presidentvalet.