Me kan vere glade og uroa på same tid over uvanleg varme dagar.
Marthe Korsvoll (t.h.) og Lisa Laumann kjøler seg i Akerselva i Nydalen i Oslo.
Foto: Javad Parsa / NTB
Per Anders Todal har ein interessant og god kommentar om klima og vêr 31. mai. Han har mellom anna sitert litt av det eg sjølv har meint om dette. Eg etterlyser at journalistikken om høge temperaturar ikkje berre handlar om kor kjekt det er at det er varmt, men at me som journalistar og redaktørar set rekordane inn i ein større samanheng.
Klima og vêr er ulike ting. Men vêret er ikkje isolert frå klimaet, eller frå drivhuseffekten. Så i journalistikken gjer me ikkje ein god nok jobb om me ikkje skriv om samanhengane.
Todal skriv godt om korleis klimaendringane kan vere positive for Noreg. Det er jo kjekt om me slepp å dra til Syden for å få varme som i Syden.
Klimaendringane vil vere ulike rundt om i verda. Eg var i april på ferie i Capadokia i Tyrkia. Ein eldre mann snakka om korleis dei no sleit med å hente opp vatn frå jorda, sidan grunnvatnet no låg eit par hundre meter under overflata. Eg veit ikkje om han hadde målt, men i andre delar av verda er det ikkje spesielt positivt med klimaendringane.
Samla sett kan det sjå ut som om klimaforskarane i verda konkluderer med at klimaendringane er negative for oss menneske. Sjølv om det vert høgare badetemperatur i Oslofjorden og me nordmenn slepp å reise til Syden.
Så om det er fint å få høgare temperaturar hos oss, er det jo ikkje slik at det vert varmare berre i Skandinavia.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.