Mangfald i bokheimenDet litterære RådHåvard RemOsloFredag 19. januar skreiv eg i Dag og Tid ei stutt sak om den nyskipa forfattarforeninga Forfatterforbundet (FF), òg kjend som Norske forfattere. FF har kritisert opptaksvilkåra i Den norske Forfatterforeni
Fredag 19. januar skreiv eg i Dag og Tid ei stutt sak om den nyskipa forfattarforeninga Forfatterforbundet (FF), òg kjend som Norske forfattere. FF har kritisert opptaksvilkåra i Den norske Forfatterforening (DnF), der Det litterære Råd (DLR) avgjer om ein forfattar vert medlem. Difor vinkla eg saka på DLR, og skreiv at rådet har innverknad på «heile verdikjeda» til ny litteratur som har von om å høyra til norsk bokheim.
Fredag 26. januar svara forfattar Sigmund Løvåsen at «saka inneheldt ei rekke feil». Han er samd i at DLR avgjer søknadar om medlemsskap og DnFs eigne stipendmidlar, men når eg skriv at dei òg avgjer statlege stipend, er det «dels feil». I praksis er det rett. «Rådet fungerer som stipendkomité for Statens Kunstnerstipend», sa den førre DLR-leiaren, Stein Versto, på DnFs heimesider (2. januar 2013).
Løvåsen skriv òg at det er feil at DLR har innverknad på om ei bok kjem i bibliotek. I prinsippet er det rett. I «Retningslinjer for innkjøpsordningen for norsk skjønnlitteratur» frå 2016 heiter det: «Relevante organisasjoner og foreninger på litteraturområdet vil bli bedt om å komme med innspill og forslag til utvalgsmedlemmer i forbindelse med oppnevningen av vurderingsutvalgene.»
Med ein slik framleggsrett kan DLR/DnF òg ha innverknad på om ei bok vert nulla. Forlaga tapar såpass mykje på ei nulling at dei stundom kvir seg for å gi ut ei ny bok av ein nulla forfattar. Siste ledd i verdikjeda er bokhandlarane som abonnerer på bøker «som er oppmeldt til innkjøpsordningene» (Bokavtalen 2009).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.