Mange ulike motiv i Mali

Franske soldatar i Barkhane-styrken på veg heim frå basen i Gao i Mali. No skal andre land i Europa, mellom dei Noreg, også engasjerast i krigen mot terror i Sahel.
Franske soldatar i Barkhane-styrken på veg heim frå basen i Gao i Mali. No skal andre land i Europa, mellom dei Noreg, også engasjerast i krigen mot terror i Sahel.
Publisert

Hans Husum kommenterer i Dag og Tid 27. august min artikkel om Mali og takuba-operasjonen (Dag og Tid 6. august), og det verkar som han meiner at eg utelèt vesentleg informasjon om tuaregar, uran og sjeldne mineral. Krigskirurgen skal ha takk for å gjere lesarane merksame på fleire vikarierande motiv hjå dei ulike nasjonane som blandar seg inn i Mali, enn det som fann plass i artikkelen. Mitt ærend er nettopp å få i gang samtalen om motiv og føremål.

Eg er einig med Husum i at engasjement i Mali bringar saman eit heilt knippe ulike beveggrunnar og føremål (og det bekymrar meg). Eg er òg einig i at utanforståande stormakter jaktar naturressursar i Afrika, og at kombinasjonen av stormaktrivalisering og ressursjakt er i ferd med å gje oss strukturar i Afrika som minner mistenkeleg om kolonitida (noko engasjerte ungdomar godt kunne vie meir merksemd, i staden for å angripe 100 år gamle statuar frå førre runde).

Mitt poeng er nettopp dette – det er mange ulike og delvis motstridande motiv for militært engasjement i Mali og området rundt. I likskap med Afghanistan, der amerikanske strategiske vurderingar har vore førande i 20 år, vil Frankrike i Mali kunne diktere rammene for operasjonen med utgangspunkt i heilt andre interesser og motiv enn føremåla som norske soldatar vert sende til Mali for.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement