JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Mange nok, gode og motiverte lærarar?

Vektlegginga av matematikk er omdiskutert. Mange kan bli godt kvalifiserte lærarar i andre fag, som språk, historie, samfunnsfag eller estetiske fag, utan karakter 4 i matematikk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Norske kommunar vil oppleve omfattande lærarmangel i løpet av få år. Det vil få uheldige følgjer for næringslivet og samfunnet, meiner Kåre Heggen.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

7129
20230922
7129
20230922

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Lærarutdanning

Søkinga og opptaket til lærarutdanningane viser ei dramatisk negativ utvikling, og dette held fram komande studieår. Norske kommunar, både sentrale og i distrikta, vil oppleve omfattande lærarmangel i løpet av få år. Eit kompetent og motivert lærarkorps er ein grunnplanke for kvalitet i både privat og offentleg sektor. Det vil få svært uheldige følgjer for næringslivet og samfunnet elles. Det krev at politikarane gjer raske og kraftige grep for å endre denne tendensen. Tre sentrale område for slike tiltak er løn og status, opptakskriterium til lærarutdanningane, og fagleg innhald i utdanninga.

Spikaren i kista

Først kort om grunnar til at Noreg har hamna i det uføret som er nemnt over. Den første «spikaren i kista» skjedde då forskings- og utdanningsminister Clemet førte lærarane over frå eit statleg til eit kommunalt forhandlingsregime. På sikt førte det til relativt sett fallande løn og status og dermed minkande søking. Diskusjonane i etterkant har også medført ei uheldig «nedsnakking» av læraryrket. Det har ikkje medverka til å motivere potensielle søkjarar. Det som lenge vart sett på som ein profesjon med inspirerande og motiverande deltaking i dannings- og læringsprosessen til barn og unge, har i staden fått eit negativt stempel.

Det andre gjeld inntakssystemet, med kravet om studiepoeng og ikkje minst 4-krav og framheving av matematikk som eit særleg viktig fag. Ap/Sp-regjeringa har gjort minimale justeringar i inntakskravet for studieåret 2022/23. Det har ikkje endra den fallande søkinga, tvert imot.

Det tredje gjeld det faglege innhaldet i utdanninga, som kan oppfattast som «programmert» og med lite rom for at den einskilde lærarstudenten kan delta i utviklinga av eigen læringsprosess og kompetanse. Desse utfordringane blir utdjupa i det følgjande.

Løn og status

Den dramatiske utviklinga gjer at politikarar i regjering og storting raskt må inn, utan nye langvarige utgreiingar. Spørsmålet er kva strukturelle grep som kan gjerast for å styrke forhandlingsposisjonen til lærarane og gi utteljing for lærarar med spesielt etterspurd kompetanse. Dei noverande strukturane fungerer ikkje, og problema vil ikkje gå over av seg sjølv utan tydelege politiske grep.

Inntakssystemet

Opptakskravet innført av den førre regjeringa – minst 35 eller 40 studiepoeng i gjennomsnitt og minst karakter 4 i det sentrale skulefaget matematikk frå vidaregåande – har vore kritisert. Særleg professor Karl Øyvind Jordell har vist at senking av kravet til studiepoeng vil betre rekrutteringa. Vektlegginga av matematikk er omdiskutert. Mange kan bli godt kvalifiserte lærarar i andre fag, som språk, historie, samfunnsfag eller estetiske fag, utan karakter 4 i matematikk. Utdanninga kan til og med gjere dei til gode mattelærarar.

Eit forslag som kunne styrke vilkåra studentane har for å utvikle lærarprofilen sin, kunne vere å stille krav om minst 35 studiepoeng og i tillegg karakter 4 eller meir i minst tre av skulefaga. Eit slikt regime uttrykker ei likare verdsetting av lærarar, uavhengig av kva skulefag dei har utvikla spisskompetanse i.

Regjeringa ser elles ut til å halde oppe ei målsetting om å oppretthalde regionale lærarutdanningstilbod. Det er god empirisk dokumentasjon om at dette er viktig for rekrutteringa fordi studiestad har stor innverknad på kvar nyutdanna lærarar vel å etablere seg. Dermed kan ein unngå at lærarrekruttering blir spesielt sårbar regionalt.

Faginnhaldet i utdanninga

Det er stor fagleg semje om at ei motiverande kvalifisering til lærar må gi stort rom for studentens eiga utvikling av profesjonalitet og rolleforståing. Men førehandsdefinert faginnhald og læringsmål hemmar ein slik utviklingsprosess. Ei detaljstyrt lærarrolle med lite rom for å utvikle profesjonalitet vil lett gå ut over motivasjonen for yrket.

Eit anna spørsmål er om dei nye studentane blir møtte som «blanke ark», som gjennom utdanninga skal bli tildelte på førehand definert kunnskap. Alternativt kan utdanninga starte med at den nye studenten tydeleggjer utgangspunktet for å ville bli lærar, forventningane om kva ho/han skal lære, og eventuelt kva lærarrolle ho/han kan sjå for seg i yrket. Utdanninga kan då gripe studentens faglege og personlege grunnar til valet av utdanning og byggje den vidare læringsprosessen på dette. Eit slikt utgangspunkt kan vere ein viktig ressurs for dei faglege diskusjonane gjennom studiet og på den måten skape motivasjon og eigenutvikling.

Eit andre sentralt punkt for å skape fagleg samanheng i utdanninga handlar om at dei ulike kunnskapselementa må integrerast i studentane si forståing, det som i internasjonal faglitteratur om profesjonsutdanning blir kalla koherens. Det er syntesar av ulike kunnskapselement som kan utvikle profesjonalitet – teoretisk og forskingsbasert kunnskap, erfaringsbasert og praktisk forståing, etisk refleksjon.

Filosofane Harald Grimen og Nils Gilje har brukt omgrepet praktiske syntesar om dette. Det er ikkje nok å lære disiplinfag og teori, det må kunne forståast i relasjon til ein praktisk kontekst. Det trengs då meir praksis i utdanninga, samt lærarutdannarar som veit så mykje om livet i klasserommet at han eller ho kan grunngi vektlegginga av teoretisk kunnskap og trekke studentane med i denne diskusjonen. Og det krev på den andre sida praksislærarar som veit så mykje om innhaldet i utdanninga at rettleiinga av studenten i praksis kan knyte an til kunnskap studenten har med frå utdanninga på campus.

Internasjonal komparativ forsking stiller spørsmål ved om norsk lærarutdanning er sterk nok når det gjeld å møte studentane sine praksiserfaringar med relevante faglege diskusjonar når dei er attende på campus. Manglande integrasjon av praktiske og teoretiske kunnskapselement kan auke fråfallet frå utdanninga.

Tre grep

Tre strategiske grep er nemnt for å gi ei nødvendig styrking av rekruttering til læraryrket. Det gjeld eit nødvendig og akutt politisk grep for å styrke lærarane sin forhandlingsposisjon om løn, arbeidsvilkår og status. Eit krav om å vere utdanna lærar for å kunne arbeide som lærar er eit grep som vil tvinge fram endring og etter kvart redusere talet på ukvalifiserte i yrket.

For det andre kan ein endre inntakssystemet til utdanninga, dels gjennom å senke studiepoengkravet, dels ved å likestille skulefaga når det gjeld karakterkrav for opptak.

Det tredje gjeld det faglege innhaldet i utdanninga, å ta utgangspunkt i rekruttens faglege forventningar til kvalifiseringa og på den måten opne meir opp for diskusjonar som utviklar studentens profesjonelle identitet gjennom studiet. Ved å styrke samarbeidet mellom campuslærarar og praksisfelt kan ein òg bidra til å skape praktiske syntesar mellom dei ulike og samansette kunnskapselementa som trengs for å utvikle profesjonelle lærarar.

Kåre Heggen er professor emeritus ved Høgskulen i Volda, tidlegare professor II ved Nova og ved Senter for profesjonsstudier ved OsloMet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Tankesmien Agenda

Ordskifte

«Dei fleste røystar ut frå ei form for eigeninteresse.»

Tiril Rustad Halvorsen

Marthe Korsvoll (t.h.) og Lisa Laumann kjøler seg i Akerselva i Nydalen i Oslo.

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
Ole Petter Pedersen

Me kan vere glade og uroa på same tid over uvanleg varme dagar.

Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Foto via Wikimedia Commons

KunnskapFeature
Arve Nilsen

Skjelpadder

Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta.

Ikkje berre krig og kriser kan føre til legemiddelmangel. Heile leveringskjeda er sårbar.

Ikkje berre krig og kriser kan føre til legemiddelmangel. Heile leveringskjeda er sårbar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Det veikaste leddet i legemiddelkjeda

Europeiske land bør samarbeide for å sikre forsyninga av legemiddel, seier professor Marianne Jahre.

Nye rekruttar til Ukrainas 3. åtaksbrigade trenar ved Kyiv 9. april 2024. Menn i våpenfør alder som nektar mobilisering, kan få fengselsstraff på mellom tre og fem år.

Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB

KrigSamfunn

Tårer på jernbanestasjonen

For ei veke sidan vende eg enda ein gong attende til Ukraina etter tre veker i Europa. Denne gongen gjekk heimvegen gjennom den slovakiske byen Kosice, som ligg 120 kilometer frå grensa til Ukraina.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis