Måneljost

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

No skal vi spare på ljoset,

straumen er dyrebar,

og sløsing ei dødssynd.

Kan hende er rasjonering

det einaste grepet vi har?

Den gamle månen seglar stilt

av stad. Sjå dei namngjevne

stjernene teikne symbol

på det svarte himmeltavla!

Dette er nattas eigne ljos.

Og likevel kjem det ljos

av eit anna slag, elektrisk no,

blinkande uro i natta frå

det som kallest hytteparadis

og vindmøllepark. Fine namn

kan snu ei vrangside vekk.

Den heiter ljosforureining.

Ljos gjev tryggleik og trivsel

og nytte, men noko er berre

stygt og skadar den som treng

ro og fred. Ljos kan vere tortur!

Det kan likne eit maktinngrep

å ikkje la mørkeret eige natta,

men master og ljosreklame

som flaggar for eit eller anna.

Urtida djupt inne i oss

skyr dei kunstige ljosa.

Urbehovet er ro og svevn.