Målet for alleSPRÅKEivind HasleSurnadal Det er 100-årsjubileum for rettskrivingsreforma i 1917 i år. Den amerikanske norskprofessoren Einar Haugen (1906–94) – med
Det er 100-årsjubileum for rettskrivingsreforma i 1917 i år. Den amerikanske norskprofessoren Einar Haugen (1906–94) – med slektsrøter frå Oppdal – gjer i boka Riksspråk og folkemål frå 1966 godt greie for ho. Ikkje er Haugen del av den norske språkstriden heller, så han kan sjå meir nøkternt på reforma. Samtidig var han livet gjennom som språkmann opptatt av det verdfulle i variasjonsrikdommen i norsk språk og det positive generelt ved å vere tospråkleg.
Språkreforma i 1917 omfatta både landsmål og riksmål. (Omgrepa vart i 1929 endra til nynorsk og bokmål). Det hadde vore uttrykt uro i mange krinsar over språkleg splitting i den unge, norske staten, mellom anna frå Fridtjof Nansen. Komiteen vart samansett av framståande skole- og språkfolk, og dei formulerte sjølv målet for arbeidet sitt slik: «Den størst mulige tilnærmelse mellom vort lands to skriftsprog gjennom en sund, naturlig og lovmæssig utvikling av dem begge.» Komiteen var samd om at riksmålet måtte «nationaliseres og demokratiseres» ved å ta inn former frå bymåla, medan landsmålet måtte «moderniseres efter flertallet av bygdemålene» (det vil seie ta omsyn til dialektar som Ivar Aasen hadde neglisjert).
1917-reforma var den første som hadde som formål å innføre ortofone (dvs. lydrette) prinsipp i begge målformer. Stumme bokstavar vart fjerna (t.d. breid >brei), og det kom mange endringar i vokalbruken (t.d. ko > ku), og diftingering av norske ord (t.d. hø > høy, rein, hauk). Men her vart det oppretthalde mange unntak, til dømes både løv og lauv (i riksmål) og både skule og skole (i landsmål). Og i riksmål vart det no hokjønnsformer: «Det viktigste er at hunkjønnsformen blir anerkjendt, så vil den selv med livets magt arbeide sig frem.» Valfrie former var ein viktig strategi, og det var stor tru i nemnda på at dei radikale formene ville vinne fram, slik at nye skritt mot fullstendig samling kunne bli tatt. Samtidig vart valfridomen noko innskrenka ved at det vart laga ein «læreboknormal» for skolane.
Det var Venstre som fekk hovudansvar for gjennomføringa av reforma, og Venstres partiprogram slo fast at partiet skulle arbeide for eit «samnorsk» språk. Men hausten 1918 vart det val og Høire-fleirtal. Blant dei nye Høire-representantane var redaktøren av Morgenbladet, Carl Joachim Hambro, som ifølgje Haugen «begynte sin lange karriere som parlamentarikar med et systematisk og godt planlagt angrep på den nye rm-ortografien». Eit spørsmål til statsråden førte med seg ein tre dagar lang stortingsdebatt, og stor og hissig debatt i pressa. Utover våren 1919 heldt debatten fram mot «den løvlandske voldtægt» (etter statsråd Jørgen Løvland) – og Knut Hamsun skreiv tre artiklar i Aftenposten som vart til pamfletten «Sproget i fare».
Men fornorskingsprosessen heldt fram, mot dialektnær rettskriving både for nynorsk- og bokmålsbrukarar. Fram mot 1944 auka folkeskoleopplæringa på nynorsk til ca. 34 prosent av alle born. I 1917 fekk heile 189 kommunar nye namn (jf. Akerø > Aukra, Hitteren > Hitra) og fylka fekk nye namn i 1918 (t.d. Søndre Bergenshus > Hordaland og Bratsberg > Telemark). Og fram til namnestriden i 1930 kom det nye bynamn, som til dømes Kristiania > Oslo og Fredrikshald >Halden. Men med striden om å gjere om Trondhjem til Nidaros i 1929–30, vart det ein bråstopp i namneendringane. Og krigsåra og debatten på 1950-talet gjorde at utviklinga mot eitt felles nasjonalt skriftspråk – «på norsk folkemåls grunn» – stoppa heilt opp.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.