«Målet er å forstå korleis seinfølgjer artar seg og kor vanlege dei er.»
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Covid-19
Gunhild Alvik Nyborg er lite nøgd med Folkehelseinstituttet sitt arbeid med kunnskapen om seinfølgjer etter covid-19. I Dag og Tid 16. mai syner ho til eit systematisk litteraturoversyn om hjartesjukdom som demonstrerer at studiekvaliteten påverkar resultata. Dei dårlegaste studiane hevdar at covid-19 gjev hjartesjukdom hos mange, dei betre studiane hos få. Men jamvel dei beste studiane har store feilkjelder.
Ta til dømes studien som forskarane meinte hadde høgast kvalitet. 549 pasientar skulle følgjast, men berre 248 av dei fylte ut eit skjema om symptom eit halvt år etter covid-19. Då hadde 6 prosent av dei brystsmerter. Tyder det at 6 prosent får brystsmerter i minst eit halvt år etter covid-19? Sjølvsagt ikkje:
▪ Dei 549 var ikkje representative for alle som fekk covid-19. Til dømes hadde dei medianalder i 50–60-åra, og over halvparten hadde vore på sjukehus med covid-19.
▪ Dei 248 som møtte seks månader seinare, var truleg enda mindre representative. Kanskje dei som følte seg friske, droppa å svare på spørjeskjemaet?
▪ Kanskje den utvida kontakten med sjukehuset etter covid-19 avdekte sjukdom som hadde vore der allereie før covid-19.
▪ Årsaka til brystsmertene kan ha vore noko heilt anna enn covid-19. Studien samanlikna ikkje med folk som ikkje hadde hatt covid-19.
Diverre bit ikkje slike innvendingar på Nyborg. Ho ser ut til å kjøpe alle studiar som syner at covid-19 er veldig farleg. Skal ein døme etter kva ho har skrive, er ho sikker på at infeksjon med koronaviruset i stor grad aukar risikoen for å døy lenge etterpå og for å oppleve alvorleg hjartesjukdom, skade på heile kroppen, svekt immunforsvar, svekt intelligens, svekt hugs, trafikkdødsfall og Alzheimers sjukdom.
Så lett kan ikkje Folkehelseinstituttet handtere dette temaet. Difor freistar vi å sortere bort dei dårlege studiane. Nyborg har diverre ikkje følgt med når ho hevdar at FHI «ser bort fra all kunnskap» om seinfølgjer av koronavariantane før omikron. Vi publiserte det fyrste systematiske litteraturoversynet i mars 2021 og oppdaterte det seinast i desember 2022, før vi i juni 2023 laga eit nytt oversyn om berre omikronvarianten. I tillegg gjer vi ei rad eigne studiar. Målet er å forstå korleis seinfølgjer artar seg og kor vanlege dei er.
Vi følgjer òg med på studiar som freistar å forklare seinfølgjer med avvik i blod og organ eller på MR-bilete. Førebels er forskingsfeltet prega av mange små studiar med sprikande resultat og få gjentakingar. Det er slett ikkje, som Nyborg trur, semje om at dei virusrestane som kan påvisast hos nokre pasientar månader etter covid-19, har nokon innverknad på helsa. Det er likevel von om at forskinga vil bringe oss nærare forklaringar og betre hjelp til seinfølgje-pasientane.
Preben Aavitsland er fagdirektør ved Folkehelseinstituttet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Nicolai Heiberg-Evenstad og Markus Lund er yngre enn fedrane sine, men likevel gode.
Foto: Norsk bridgeforbund
«Bridge er så vanedannande og tidkrevjande at det kan gå på kostnad av både studium, arbeid, kjærleiksliv, eigne born, barneborn og liknande.»
Reisande på Gardermoen i juni i år. Oslo lufthamn er i særklasse den mest lønsame flyplassen Avinor driv. Dei aller fleste norske flyplassane går med underskot.
Foto: Javad Parsa / NTB
Avinor-krisa tok ikkje slutt da pandemitiltaka gjorde det. Kan det vere styringsmodellen det er noko gale med?
Cissy Houston
Wikimedia Commons
Arkivet: Emily «Cissy» Houston (1933–2024)
Berlin: Med bandet kring seg står Bob Dylan ved flygelet og spelar munnspel.
Foto: Håvard Rem
Som å lesa ei bok
Dylan (83) vert eldre, men skriv og syng betre.
Teikning: May Linn Clement