Må ta omsyn til våre medskapningar
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Kvalfangst
Siri Helle svarar i Dag og Tid 7. juli 2023 på min kritikk av hennar framstilling av kvalfangst. Det er heilt greitt, men også denne gongen blir det nokre feil og mistydingar.
Som nybakt jeger skal ho vite at å skyte hjort på 180 meters avstand ikkje er forsvarleg. Forsvarleg skyteavstand er rekna til 100 meter, kanskje litt meir om hjorten står heilt i ro. Det viktigaste for ein jeger er å avlive dyret med det første skotet. Risikoen for skadeskyting aukar drastisk når avstanden blir større.
Når Helle skriv at vi bedøver først og avlivar etterpå, har ho misforstått dette. Ein bedøver ikkje eit dyr med ei ekspanderande kule i hjarteregionen, heller ikkje med ei kule i hovudet. Har du skadeskote eit dyr, er det ditt ansvar å finne årsaka til skadeskytinga. Det er neppe geværet sin feil. Dessverre er det kvar haust altfor mange uskikka jegerar som legg ut i skog og mark med skytevåpen. Likevel ser eg ikkje heilt kva dette har med kvalfangst å gjere.
Helle syner til Havforskingsinstituttet sine undersøkingar og hevdar at berre 0,37 prosent av kvalane vart skadeskotne, medan 92 prosent døydde momentant. Dette stemmer heller ikkje. Det rette er at ca. 80 prosent døydde momentant. Det vil seie at 20 prosent ikkje gjorde det. Ein av fem kvalar vart såleis skadeskoten, ifølgje denne undersøkinga. Når ein også veit at det som vart definert som «momentant», dreiar seg om fleire minutt, kan ein trygt seie at skadeskytinga er endå større. I alle andre samanhengar ville ein ikkje ha tillate slike avlivingsmetodar.
Mange har stilt spørsmål ved Havforskingsinstituttet sin rapport om kvalfangsten og dei som står bak den. Dyrevernorganisasjonen Noah kallar rapporten for uetterretteleg fangstreklame frå Havforskingsinstituttet. Det er ein dårleg attest for eit institutt som elles blir rekna for å ha ein høg fagleg standard.
IWC, EU og mange veterinærar og biologar frå heile verda prøver å stoppe kvalfangsten av dyrevernomsyn.
Som Siri Helle er inne på, kan naturen vere brutal mot både menneske og dyr. Men det er på ingen måte ei orsaking for ikkje å ta omsyn til våre medskapningar. Dessutan greier naturen å ta vare på seg sjølv utan at vi skal gjere oss til forvaltarar av økosystema i havet.
Den uetiske industriproduksjonen av broilerkyllingar kan heller ikkje rettferdiggjere dyreplaging av andre skapningar som til dømes vågekvalane.
Svært mange er sterkt kritiske til at ein i dag driv fangst på dei store sjøpattedyra. Ein av desse er David Attenborough, som har følgjande kommentar: «Det finst ingen human måte å drepe ein kval på.»
Empati for våre medskapningar, dyra, har blitt ein grunnleggande eigenskap hos oss menneske. Den empatien må gjelde også for dei som endar på mitt og ditt matfat.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?