Må grunnskulen vere som i dag?SKULEGUDMUND SOLSTADFOSNAVÅGEg les med interesse og undring resultata frå undersøkinga av kor det står til med lesedugleiken til dei unge som i dag går ut av grunnskulen. Aller verst er det med ungdommen nord i landet, går det
Eg les med interesse og undring resultata frå undersøkinga av kor det står til med lesedugleiken til dei unge som i dag går ut av grunnskulen. Aller verst er det med ungdommen nord i landet, går det fram av ein artikkel her i avisa for 27. oktober av Ronny Spaans. Eg skal ikkje repetere elendet, men gå litt attende til mi tid i grunnskulen, like før og under siste verdskrig. Statistikkar for dei som då gjekk ut av skulen som funksjonelle analfabetar, finn ein neppe. Det er altså lenge sidan. Korleis gjekk det med oss?
Dette var på den sokalla landsbygda, nokre mil frå Bodø, i gamle Bodin kommune. Der var grunnskulen delt i tre nivå: småbarnsteg, mellomklasse og storklasse. I dei to–tre åra vi gjekk i lågaste steget, hadde læraren, eller rettare sagt lærarinna, undervisningsplikt på to andre skular. Til desse andre to skulane måtte ho i båt over Saltstraumen. Ho rodde sjølv i ein straumbåt eller spissbåt. Der underviste ho då tilsvarande to veker på kvar av desse stadene også. Vi fekk altså «ferie» i ein heil månad til ho kom attende til oss. Kvart skuleår var eigentleg berre på om lag tre månader.
Så kom vi i mellomklassen, og etter kvart i storklassen, med ein lærar som tok seg av begge. Altså skule annankvar dag. Eitt skuleår var no tilsvarande eit halvt år. Så kom krigen. Wehrmachta okkuperte skulehuset, og vi fekk skule i ei privat lita stove. Dei to klassene måtte delast i tre. Med framleis berre ein lærar vart det berre to skuledagar i veka. Det var fem år som i realiteten berre utgjorde vel eitt og eit halvt skuleår.
Korleis klarte vi oss vi som gjekk ut av grunnskulen i 1945? Artikkelforfattaren undrar seg over at heile 35 prosent av dei som gjekk ut av 8. steget hamna på noko som vert klassifisert som «funksjonelle analfabetar». Då har elevane hatt skule kvar einaste dag i alle åtte åra. Landsgjennomsnittet ligg på 27 prosent. Lenger nord i landet er det verre. Dei elevane som er klassifiserte på denne måten, er ikkje kvalifiserte til å fungere i eit moderne arbeidsliv. På toppen av dette er det i dag heile 30 prosent av elevane i vidaregåande skule som droppar ut.
Bygda var lita. I den delen av bygda som eg sokna til, hadde eg femten medelevar som var på om lag same alder. I alle tilfelle i same klasse, om ikkje alle åra. Vi var jo fleire årssteg saman, og dei som vart karakteriserte som flinke elevar, vart flytta opp tidlegare enn andre. Men med så lite tid på skulen skulle ein måtte rekne med at praktisk talt alle saman var sokalla «funksjonelle analfabetar». Korleis gjekk det med oss?
Ni av oss heldt fram med realskole etter folkeskulen, og fem gjekk vidare på gymnas. Nokre gjekk på toårige realskular på tettstader i Salten. Andre fekk seg husrom i den nedbomba byen Bodø, der også eg hamna. Det fine namnet på byskulen var «Bodø offentlige høyere allmennskole».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.