Lutherdomen mot religionenReligionKjell Arild PollestadBryneDå eg las Håvard Rems artikkel om det kristne, katolske Polen og det avkristna, lutherske Estland, hugsa eg kva professor Inge Lønning sa på sitt spissformulerte vis: Ein luthersk kristendom kunne

Det nyttar korkje med «takhøgd» eller «inkludering» so lenge den eigenlege bodskapen er so utvatna at han ikkje lenger lèt seg selja, skriv Kjell Arild Pollestad.
Det nyttar korkje med «takhøgd» eller «inkludering» so lenge den eigenlege bodskapen er so utvatna at han ikkje lenger lèt seg selja, skriv Kjell Arild Pollestad.
Publisert

Då eg las Håvard Rems artikkel om det kristne, katolske Polen og det avkristna, lutherske Estland, hugsa eg kva professor Inge Lønning sa på sitt spissformulerte vis: Ein luthersk kristendom kunne ikkje vera ein religion. I religionane er det rom for «gjerningar», men dei har ingen plass i den lutherske læra om «forlating for syndene ved tru åleine». Dei kristne sakramenta og kyrkjelege ordningane har berre meining som «konkretisert forkynning» av denne grunnleggjande sanninga. Kristus ofra seg ein gong for alle på krossen, og sette dimed sluttstrek for alle religiøse ritar, all menneskeleg famling etter å koma nærare Gud.

Det har sjølvsagt vore strid om korleis dette enkle lutherske evangeliet skal skjønast og tolkast. Sjølve urbiletet er «forensisk», som det heiter; det er ein rettssal der mennesket står på tiltalebenken som straffskuldig, og Gud er den harme domaren som krev rettferd. Men mellom dei to står Kristus, som på krossen har teke på seg den straffa mennesket fortener, og dimed er det slutt på Guds vreide, og mennesket går fri so sant det i tru tek imot den «frelsa» som er fylgja av rettsmøtet. I lekmannskristendomen på bedehusa kan ein framleis høyra denne «frelsa» forkynt, men i Den norske kyrkja vart ho fyrst «avmytologisert» og sidan «sosialdemokratisert» i ein slik grad at synda vart borte og tilbodet om frelsa hengjande i lause lufta. Det nyttar korkje med «takhøgd» eller «inkludering» so lenge den eigenlege bodskapen er so utvatna at han ikkje lenger lèt seg selja.

Sjølv om Polen inntil vidare er eit unntak, er det likevel ikkje rett å seia at avkristninga gjer seg mindre gjeldande i tradisjonelt katolske land. Den skilnaden mellom luthersk og katolsk kristendom som Rem med rette peikar på, gjer likevel avkristninga mindre dramatisk i tradisjonelt katolske land, for medan det i Norden er sjølve den lutherske kyrkja som vert avkristna, så å seia innanfrå, er det i katolsk samanheng berre folk flest. Katolsk kristendom er ikkje fyrst og fremst ein bodskap som skal forkynnast, men ein religion som skal «praktiserast». Kor mange som til ei kvar tid gjer det, er mindre viktig enn at religionen heile tida er den same, i truskap mot tradisjonen frå Kristus og apostlane. Kyrkja er difor ikkje demokratisk, men hierarkisk. Dette er ikkje eit «ordningsspørsmål», som kyrkjeleg organisering er i lutherdomen, der lekfolk no styrer kyrkja, men ei fylgje av trua på «ei heilag, katolsk og apostolisk kyrkje».

Meininga med den kristne religionen er ikkje berre at me skal verta «frelste», men at me skal verta heilage, ikkje av eiga kraft, men ved å opna oss for den guddommelege nåden som kjem til oss i ord og sakrament. Kyrkjesoga er eit dramatisk prov på at dette er lettare sagt enn gjort.

Sjølv om lutherdomen prinsipielt ikkje er ein religion, var han det i praksis heilt opp til vår tid, og for nokre er han det kan henda framleis. Men mange lutheranarar, både blant prestar og lekfolk, går no med ei kjensle av tap, og syrgjer over at noko dei var sterkt knytte til, ikkje lenger finst. Det som før var sjølvsagt, er med eitt avleggs. Det som før var gale, er no rett. Gudstenestene har ikkje lenger eit fast og forpliktande ritual som ein kan leva seg inn i og ta del i. Den «repetisjon av ord og handling» som sermerkjer religionen, er borte.

Det har i seinare år vore tala mykje om «demokratisering» i Den norske kyrkja. Det motsette har hendt: Lekfolk med klare ideologiske ærend og ambisjonar har teke makta i kyrkja, saman med allierte i presteskapet. Den dominerande ideologien er for tida feminismen. Dei ideologiske grepa kan merkjast på alle plan i kyrkjelivet, og gjera seg gjeldande heilt inn i salmeboka og bibelomsetjinga. Den «heimekjensla» som er so grunnleggjande i all religion, vert borte, og for dei fleste vil det i lengda verta meiningslaust å høyra til i ein fellesskap der sjela kjenner seg heimlaus og framand. Dei som forsyner oss med to nye fadervår i ein generasjon, eller tuklar med dei gamle jolesongane, skjønar ikkje kva religion er.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement