Luther og overtru RELIGIONODDVIN ALFARNES NESTTUNVerken i Dag og Tid eller andre aviser har det vore mykje kritisk lys på Martin Luther i dei mange jubileumsartiklane. Det er kulturberaren som blir framheva, reformatoren med ein demokratisk visjon – vel

Publisert

Verken i Dag og Tid eller andre aviser har det vore mykje kritisk lys på Martin Luther i dei mange jubileumsartiklane. Det er kulturberaren som blir framheva, reformatoren med ein demokratisk visjon – velferdssamfunnet vårt er nærmast eit resultat av Luthers prosjekt.

I Klassekampen i haust skreiv Gert Nygårdshaug om kristen dogmetru som overtru. Helge Hognestad og andre oversåg dette. Dei skreiv om sjel og ånd og kristendommens gode verdiar. Menighetsrådsmedlem Astrup Thoresen avviste blankt «Den uopplyste teologi som fremdeles gjelder på papiret (…)».

Men Luthers katekisme gjeld, ikkje berre på papiret, ho lyder i kyrkja jamt. Til konfirmasjonen på 1900-talet måtte trusartiklane puggast. På 1800-talet var det verre. Ei Forordning frå 1736 kravde at konfirmanten skulle «fatte den Bokstavelige Mening af de fornødenste Troens Artikler». Den som ikkje kunne ramsa opp uforståelege dogme, kunne bli utestengd frå den lovpålagde konfirmasjonen, som var ein føresetnad for både ekteskap og arbeidskontrakt.

Muslimsk dogmatikk krev tru på dommedag, englar og «profetenes ufeilbarlighet». Gud «skapte himmel og jord» ifølgje vår 1. trusartikkel. 2.: Jesus «for ned til dødsriket» (gresk mytologi?), livna til og «for opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Gud Fader», og skal koma att. I den 3. artikkelen trur me på «oppstoda av lekamen og det evige liv».

Er det dette Thoresen kallar «den uopplyste teologi»? Kva tenkjer moderne teologar om ordlyden i den evangelisk-lutherske trusvedkjenninga? Det verkar som mange overser at «den Bokstavelige Mening» finst. Men det er denne norske barn får lagt fram for seg.

Den kannibalistiske nattverden er ei anna sak. Kristus er «til stede og gir sitt legeme og blod i brød og vin». Også i Den anglikanske kyrkja er dette «substansielt, reelt og korporlig». Calvin ønskte å sjå det symbolsk, og Zwingli hevda visst at ingen eigentleg trudde at Kristi blod og lekam var til stades i sakramentet, noko som opprørte Luther sterkt. Luther dømde nord og ned alle reformatorar som ikkje meinte nett det same som han. Vår kyrkje er luthersk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement