Løysinga er forhandlingUSA OG NORD-KOREAEinar AskerNorske aviser, inkludert Dag og Tid, framstiller Nord-Korea som den store stygge ulven som må tuktast av USA. Per Anders Todal (Dag og Tid

Ein lastebil fraktar ein «pukkuksong» – ein missil som blir skoten opp frå ubåt – i ein militærparade i Pyongyang i Nord-Korea i april i år.
Ein lastebil fraktar ein «pukkuksong» – ein missil som blir skoten opp frå ubåt – i ein militærparade i Pyongyang i Nord-Korea i april i år.
Publisert

Norske aviser, inkludert Dag og Tid, framstiller Nord-Korea som den store stygge ulven som må tuktast av USA. Per Anders Todal (Dag og Tid nr. 16) skriv rett nok eit par tre liner om USAs bombing av Nord-Korea under krigen, men etter mitt syn kjem det ikkje godt nok fram kor nådelaus USA har vore.

Under siste del av Koreakrigen teppebomba USA Nord-Korea, til dels med napalm. Heile byar vart lagde i grus, og 15–20 prosent av befolkninga mista livet. Damanlegg vart øydelagde med flom som resultat. Store jordbruksområde gjekk tapt for matproduksjon, og svolten herja.

USA har aldri lagt skjul på si forakt for Nord-Korea. I dei 64 åra etter Koreakrigen har USA gjort alt det kunne for å straffe landet. USA har strupt økonomien ved sanksjonar, har hindra landet å få internasjonal kapital og installert våpenrakettar på landets dørstokk.

Washington har nekta å forhandle med Nord-Korea. Nå prøver ein å få Kina til å presse landet. Vona er sjølvsagt at Nord-Korea vil gi etter for Amerikas trugsmål. Men Nord-Korea har aldri gitt etter for USAs skremselspropaganda, og ingenting tyder på at ein vil gjere det nå heller. I staden har landet utvikla eit arsenal av atomvåpen som forsvar, om USA skulle prøve seg. Utviklinga av atomvåpen i Nord-Korea er til dels ei frukt av Amerikas politikk andsynes landet. Slik kan ein seie at ingen land treng atomvåpen meir enn Nord-Korea. Kva ville USA ha gjort om ein fiendtleg nasjon hadde plassert militære anlegg i nærleiken av California?

Det er uklart kor langt Nord-Korea har kome når det gjeld utvikling av hydrogenbomber som er 1000 gonger kraftigare enn vanlege fisjonsbomber. Men ifylgje Siegfried Hecker, ein fysikkprofessor ved Stanford, som ein gong var sjef for Los Alamos laboratoria i New Mexico, kan landet vere på god veg.

Situasjonen er i dag farleg. Men det finst berre éi løysing – forhandling – der USA viser ei meir audmjuk haldning. Urealistisk? Kanskje, men heller ikkje vil eit amerikansk bombeåtak mot Nord-Koreas kjernefysiske kompleks vere realistisk, for det vil truleg føre til at Seoul vert lagt i grus med millionar av drepne.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement