Aktiv dødshjelp
Livskvalitet, ikkje livslengd
Morten Magelssen skriv om haldningar til dødshjelp i Dag og Tid den 27. mars 2026. I innlegget legg han vekt på at sjølv om norske lækjarar er meir positive enn tidlegare, så er spesialistane på lindrande behandling like negative. Dinest meiner han at om ein fyrst opnar for dødshjelp for dei mest dødssjuke, vert det fort utviding mot psykiske lidingar og livstrøyttleik, slik ein har sett i Nederland og Canada. Ein viktig observasjon er at dei yngre lækjarane er meir positive til dødshjelp enn dei eldre. Det kan tyda på ei tilnærming til opinionen, som lenge har hatt positivt fleirtal.
Ei lovendring som tillèt dødshjelp, er ein langdryg, demokratisk prosess der ingen har vetorett. Dei som jobbar med palliativ medisin, vil dessutan ha interesse av å rettferdiggjera noverande behandlingsregime, slik kampen om ressursar fungerer i helsevesenet. Og påstanden om at medisinsk smertelindring er betre enn dødshjelp, er uviss, for livskvalitet vert ikkje målt kvantitativt. Rett dosering kan vera vanskeleg å oppnå, og kan gjera dei siste levedagane lite verdige. Dødshjelp bør difor vera ein naturleg del av same profesjon, for dei som ynskjer det.
Når det gjeld frykta for at ei streng lov berre er starten på ei utviding, vitnar det om ein grunnleggjande skepsis til demokratiet. Så kan me vera usamde om både utgangspunkt og utvikling, men det er alltid fleirtalet på Stortinget som rår.
Motargumentet til Magelssen minner mest om trua på ein overlegen moral og at «etter oss kjem syndfloda». Det gjer argumentasjonen religiøs og dogmatisk, og den mest nærliggjande parallellen er abortlova. Utviding av ei streng lov skjer normalt når røynslene tilseier det.
Kva er så årsaka til den innbitne motstanden mot dødshjelp frå delar av helsevesenet? Den hippokratiske eiden handlar om å berga liv, sjølv om Hippokrates var mest oppteken av å lindra smerte. Og det er det dødshjelp eigentleg handlar om, ikkje minst frykta for smerte. Problemet i dag er at norske pasientar med samtykkekompetanse ikkje kan få hjelp til å avslutta livet sitt.
Kva er logikken bak eit slikt syn? Mest av alt verkar det som ein medisinsk arroganse av religiøse proposisjonar, for somtid er ikkje livet verdt å leva. Og det er ei subjektiv kjensle som ikkje kan overprøvast av andre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.