Etikk

Legars haldningar til dødshjelp

Publisert

Professor Eivor Andersen Oftestad skriv tankevekkjande om eit kulturelt skifte i synet på død og dødshjelp. Det gjer seg særleg gjeldande i land som har legalisert dødshjelp, slik som Nederland og Canada. Oftestad spør kva for problem dødshjelp skal vere løysinga på. Medan svaret før har vore «uuthaldeleg liding» ved kroppsleg sjukdom, er det no stadig oftare psykisk liding, einsemd og meiningstap.

Eg har vore med på studiar av haldningar til dødshjelp blant legar i Noreg. I den siste studien, frå 2024, fann vi at legane sin tradisjonelle motstand mot legalisering hadde vorte noko svekka. For nøkkelpåstanden «legeassistert selvmord bør tillates for personer som har en dødelig sykdom med kort forventet levetid» var likevel 36 prosent av legane «svært ueinige» – tre gongar fleire enn dei som var «svært einige» (12 prosent). Dei øvrige plasserte seg ein stad imellom. 20 prosent sa seg potensielt villige til å bidra til legeassistert sjølvmord om det ein dag vert tillate.

For andre pasientar enn dei med terminal sjukdom er motstanden mot dødshjelp massiv. Berre 2 prosent av legane var «svært einige» i dødshjelp for psykisk sjukdom åleine, og 1 prosent i dødshjelp for dei «livstrøytte» utan nokon alvorleg sjukdom. Det er interessant i ljos av at i Nederland vert det fyrste meir og meir vanleg, medan det andre vert diskutert.

Yngre legar er meir positive til legalisering enn dei eldre er. Men éi gruppe legar skil seg særskilt ut: I ein studie av medlemmer av Norsk forening for palliativ medisin, altså legar som gjev spesialisert lindrande behandling, var heile 73 prosent klårt imot legeassistert sjølvmord ved terminal sjukdom (jf. spørsmålet over), medan berre 4 prosent var klårt for. Dei legane som altså har særleg kompetanse på og erfaring med terminal sjukdom, dødsomsorg og død, er altså klårt imot dødshjelp. Det er tankevekkjande.

Dei fleste som avviser dødshjelp sa seg einig i at dødshjelp ikkje er naudsynt fordi effektiv symptomlindring er mogleg, gjeve tilstrekkeleg tilgang til palliativ kompetanse.

Oftestad spør kva slags problem dødshjelp er løysinga på. Viss problemet er uuthaldeleg liding, meiner palliasjonslegane altså at dei tilbyr ei anna – og betre – løysing enn dødshjelp.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement