Litt om å male fanden på veggen

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Først nokre smakebitar frå våre medium:

«Mannen vi frykter mest» (om Putin). «(...) at Russland, eit kleptokrati med atomvåpen, med ein president som pseudotsar utan datomerking på toppen (...).» «Putin sigrar, Russland taper.» « (...) er det ikkje tvil om at det er Russland som har trappa opp konflikten.» (i Ukraina). «mordar, maniac.» (om Putin). Som kjent har også Biden slått til med nemninga «mordar».

Les også: «Lang veg fram til forsoning»

Elles skal ein ikkje leite lenge for å finne karakteristikkar som: despotisk, udemokratisk, mordarisk, giftblandarar, aggressivt, ekspansjonistisk, løgnarisk, korrupt, deler ikkje våre «verdiar», svikefullt, sjåvinistisk og så bortetter.

No har dei fått ein rival i Kina, men trass det; ifølge Dagbladet fryktar dei fleste nordmenn Russland mest, 38 prosent. Korleis 38 prosent blei dei fleste, er litt vanskeleg å forstå. Lat oss kalle det talmagi. I tillegg kan det nemnast at russarane må vere både dumme og klønete som bruker ei gift som ikkje verkar som ho skal, og som dessutan kan sporast direkte tilbake til dei sjølve. Eg trur ikkje dei er korkje det eine eller det andre.

No skal ikkje eg påstå at verda ikkje er delt i «det gode» og «det vonde». Til det har eg ikkje nok kyrkjeleg danning. Likevel vel eg å stille meg tviksam til eit slikt moralistisk røykteppe. Kvifor i alle dagar blir Navalnyj med ein oppslutning på 2–3 prosent leiar av opposisjonen, mens kommunistpartiet, som fekk 20 prosent av stemmene ved valet til Dumaen, knapt blir nemnt.

Er Navalnyj som sit inne for underslag, «god», mens Ziuganov (leiar for KPRF) er «vond»? Elles kan det sjå ut som at det er stor semje om at Putin er sjølve ikjøtinga av «det vonde». Alt han finn på er «vondt». Om det så er å auke pensjonane, skjer det med vonde baktankar.

Vi tilskriv han synder som han ikkje har gjort seg skyldig i, i moralismens namn for å gjere biletet komplett. Slik blir heile skylda for konflikten i Donbass og anneksjonen, eller tilbakeføringa av Krim, som russarane sjølve vil kalle det, lagd på russisk ekspansjon og trong til å gjenopplive Sovjetunionen. Ein vil til dømes sette grensa for oppløysing, splitting og anneksjon generelt til år 2000 då Jugoslavia allereie var splitta og Kosovo skild ut frå Serbia med hjelp av mellom anna norske bomber over landet. (Det tok 10 år før Bondevik kunne innrømme at vi hadde vore i krig.)

Slik kan sameininga av Krim med Russland gjerast ulovleg, trass i at 96 prosent av krimbuarane stemte for, mens oppsplittinga av Jugoslavia, og Serbia blir ein heilt legal affære.

Det siste eg las om saka, er Halvor Tjønns artikkel i Dag og tid 22. oktober med tittelen «Lang veg fram til forsoning». Det er merkeleg å seie noko om den konflikten utan å nemne Minskavtalene (2014 og 2015) med eitt ord. Dei var inngåtte mellom Porosjenko (den tidas president i Ukraina), Russland, med deltaking av Tyskland, Frankrike, Storbritannia i regi av OSSE for å setje ein stoppar for den væpna konflikten. Sidan den gongen har Ukraina drege ut på forhandlingane, det vil seie at dei nektar plent å gå med på han.

Avtala ligg til grunn for russisk politikk, og seier mellom anna at Donbass skal få utstrekt sjølvstyre, amnesti for aktivistar, forme om Ukraina til ein føderasjon (med val i Donbass, der eit stort fleirtal ønskjer å bevare sin russiske identitet og sitt språk, sin identitet, sine russiskspråklige skuler, teater og så bortetter).

Årsaka til konflikten ligg mykje i ukrainifiseringa av landet. (Det gjeld ikkje berre Donbass, men òg Transkarpatia med ein stor ungarsk minoritet.) Russisk er forbode å bruke offentleg. (Mange i leiinga snakkar dårleg ukrainsk.) Forresten, når det gjeld utsegna til Medvedjev om at Zelenskij har «visse etniske røter», så må det sjåast på bakgrunn av at Ukraina har vedteke ei «lov om opphavleg folkesetnad», ei todeling av samfunnet i etniske ukrainarar og «dei andre» det vil seie andreklasses innbyggjarar.

Når det gjeld skuldingar om fascisme, kan det nemnast at det i 1909 vart gitt ut eit frimerke med portrett av Bandera, ein galisisk nasjonalist og krigsforbrytar som samarbeidde med nazistane under andre verdskrigen. For ikkje å gløyme innebrenninga av russarar i fagforeiningshuset i Odessa, utført av ukrainske nasjonalistar. Det høyrer med at saka ikkje er etterforska, og ingen er straffa for misgjerninga.