Lite nytt frå GrindheimEuroOlav HaugeI eit nytt innlegg i Dag og Tid den 29. juni, «Om å rette bakar for smed», held Grindheim fram med å gjera nett det: å retta bakar for smed når han nok ein gong gjev italienske veljarar ansvaret for euroetableringa. Ved
I eit nytt innlegg i Dag og Tid den 29. juni, «Om å rette bakar for smed», held Grindheim fram med å gjera nett det: å retta bakar for smed når han nok ein gong gjev italienske veljarar ansvaret for euroetableringa. Vedtaket om ein felles valuta i EU fekk korkje italienarane eller veljarar frå dei 11 andre medlemslanda ta stilling til. Politikarar i dei 12 medlemslanda som styrte prosessen, var korkje valde eller kunne kastast av veljarar. Typisk nok, i EU får heller ikkje franske og nederlandske veljarar ta stilling til neste versjon av ein EU-traktat etter 2005. Politikarane her i landet lét norske veljarar ta stilling også til den andre medlemskapssøknaden. Dei godtok resultatet i folkerøystinga 28. november 1994, eit godt føredøme EU-politikarane nekta å følgja opp.
I «Med egne ord»-spalten i Dagens Næringsliv den 26. november 2016 skriv professor Victor D. Norman frå Norges Handelshøyskole og tidlegare Høgre-statsråd eit innlegg han kallar «Eksamen». Økonomane var oppe til eksamen og fekk ei todelt oppgåve: ein del var å forklara «likviditetsfella» og kva som skjer i ein økonomi som hamnar i ei slik felle, den andre var å visa kva som skjer med lønnsnivået og arbeidsplassane i eit land når landet får ein ny stor internasjonal konkurrent (Kina) som har overflod av billeg arbeidskraft. Økonomane får ein velkvalifisert sensor, for Norman (og Avinash Dixit) gav ut ei lærebok om internasjonal handel i 1980. Studentar på NHH hadde Norman som ein utmerkt førelesar om emnet alt den gongen.
Sensoren gjev godkjent til to økonomar, Martin Wolf og Paul Krugman. Norman peikar på at Vesten har omfordelt frå fattige til rike. Landa avslutta ekspansiv finanspolitikk lenge før det var grunnlag for det. Industriarbeidarane blei taparar då lønningane stagnerte og jobbane forsvann. Når sjølv presumtivt velutdanna økonomar ikkje forstår det som skjer, må ein tilgje at veljarane legg skulda på feil stad. Lat meg ta med konklusjonen til Norman: «Feilslått økonomisk politikk har alltid avlet populisme. Det er derfor hevet over tvil at kandidatene må få karakteren Trump [eg vil oppfatta det som dårlegare enn F]. Noen vil kanskje, i likhet med det amerikanske aksjemarked, tro det er en god karakter. Det var det mange som også trodde den gang krisen etter første verdenskrig avlet Mussolini. Han fikk jo togene til å gå i rute.»
Joseph E. Stiglitz og Paul Krugman, to vinnarar av Nobels minnepris i økonomi, var kanskje to av dei skarpaste kritikarane av ein felles EU-valuta. Dag og Tid-lesarar kan studera kapittel 21 frå side 698 og utover i læreboka International Economics av Krugman et al, publisert i 2018, og oppdatera seg på kritikken deira. Der finst argumenta mot ein fellesvaluta og ein kortversjon av utviklinga i EU-krisa etter 2010. Den lange versjonen finst i The Euro av Joseph E. Stiglitz frå 2016. Ein felles valuta og feilslegen økonomisk politikk har skapt krisa. Plasser ansvaret der det ligg, hos politikarar og økonomar i og utanfor EU. Spar uskuldige veljarar for noko dei ikkje har ansvaret for.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.