Valordninga
Lik stemmemakt
Foto: Thomas Fure / NTB
Frp sin nestleiar Terje Søviknes har i sommar argumentert for at valordninga er urimeleg. Han hevdar at arealfaktoren som vert nytta når mandata vert fordelte mellom valkrinsane, fører til at røyster i utkantane gir meir politisk makt enn røyster i sentrale strøk.
Motstanden mot arealfaktoren tek ikkje omsyn til historia. Fram til reforma i 2003 hadde endringar i folketal ingen innverknad på fordelinga av mandat mellom valkrinsane. Tidlegare spesifiserte grunnloven mandattalet i kvar av dei 19 valkrinsane. I nynorsk språkdrakt er vedtaket frå 2003: «Talet på stortingsrepresentantar som skal veljast frå kvart valdistrikt, blir utrekna på grunnlag av forholdet mellom innbyggjartalet og flatevidda i distriktet på den eine sida og innbyggjartalet og flatevidda i heile riket på den andre sida. I denne utrekninga gjev kvar innbyggjar 1 poeng og kvar kvadratkilometer 1,8 poeng.»
Kvar valkrins skal ha minst fire mandat, og mandattal i valkrinsane vert fastsette kvart fjerde år. Arealfaktoren vart såleis innført for at det skulle bli automatisk å flytte mandat mellom valkrinsar i tråd med endringar i folketalet. Arealfaktoren var eit vilkår for å få ein grunnlovsparagraf som tok omsyn til folketalet.
Det er rett at i reint geografiske konfliktar, altså der alle representantane for ein landsdel står saman uavhengig av kva for parti dei høyrer til, kan arealfaktoren føre til at valkrinsane i Nord-Noreg kjem betre ut enn valkrinsane Oslo og Akershus.
I politiske konfliktar, der skiljelinene går mellom partia, er stemmene like mykje verde.
Her er det likevel minst tre atterhald.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.